Hopp til innhold

Bar kniv i valiumrus - hugsar ingenting

Mannen i 20-åra kom snublande ut av skogen, rusa på valium og alkohol, med ein lommekniv på innerlomma. No må han betale bot til staten.

Fjordane tingrett 11
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var i juni i fjor at politiet vart varsla om at ein mann hadde komme ut av skogen i eit bustadfelt i Førde, og at mannen kunne vere skadd.

Då politiet kom til staden, synte det seg at dei kjende til mannen frå før. Han var tydeleg rusa og hadde skrubbsår på kroppen. I tillegg gjekk han i bar overkropp, berre ikledd ei ytterjakke.

Til politiet forklarte mannen at han hadde teke Valium, utskrive av lege, i kombinasjon med ein halvliter øl.

Hadde 2,3 i promille

Blåsetest indikerte ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 2,3 promille. Då politiet kroppsvisiterte han, fann dei ein lommekniv i den eine jakkelomma hans. Knivbladet var om lag fem centimeter langt.

I politiavhøyr seinare ville ikkje mannen i 20-åra erkjenne straffskuld for å ha bore kniv på offentleg stad, rett og slett fordi han ikkje hugsa noko av hendinga.

Retten fann det bevist utover rimeleg tvil at mannen bar kniv på offentleg stad denne dagen. Mannen vart i Fjordane tingrett dømd til å betale ei bot på 7.200 kroner. Han må også betale sakskostnadar på 1.000 kroner.