Hopp til innhold

Her er det i alle fall ingen pessimisme

Låg oljeaktivitet, svak krone og låg arbeidsløyse vil hjelpe fylket, trur NAV og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Svein Bruheim

OPTIMISTAR: Svein Bruheim (t.h.) og kollegaene i Bravo Seafood deler ikkje næringslivsaktørane i fylket sin pessimisme for 2015.

Foto: Privat

Fallande oljepris og kronekurs gjer at næringslivet i Sogn og Fjordane jamnt over ser mørkare på utviklinga i 2015 . Den pessimismen har ikkje Bravo Seafood og dagleg leiar Svein Bruheim i Florø.

Veksten skal dei oppleve i ei gamal, men rusta opp, sildebu.

– Det blir i alle fall ikkje noko mindre fisk frå Bravo Seafood i 2015 enn i 2014. Vi ser heilt klart store moglegheiter, seier Bruheim.

Utvidar horisonten

Svein Bruheim

UTVIDAR: Bravo Seafood omsette for 800 millionar kroner i fjor. Og meir kan det bli.

Foto: Privat

Verksemda som starta opp i 2008 er ei av fleire i sjømatnæringa som tener godt om dagen. I fjor eksporterte dei laks for 800 millionar kroner.

No vil dei fem seljarane også selje kvitfisk.

– Det er berre snakk om kva vi skal velje, kva marknad vi ynskjer å vere på. I fjor gjekk vi eitt steg vidare, på Asia. No skal vi reindyrke det i større grad, seier dagleg leiar Svein Bruheim.

Mykje positivt i vente

Optimismen i kystbyen blir delt av banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Arvid Andenæs

SER LYSET: Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner det er mykje å gle seg til i 2015.

Foto: Vegard Fimland

Han har sett svara frå nærare 800 private- og offentlege verksemder om forventingane til det kommande året. Andenæs meiner det er mykje å gle seg over. For ei svak krone gjev vekst i fylket trur sparebanksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– For dei som sel varene sine utanfor Norge er dette positivt. Og reiselivsnæringa kan få ein oppsving, seier han.

Svak kronekurs gjev vekst

For det vert dyrare å ferie utanlands, men billegare for utlendingar å kome hit.

Vinnarane er dei bedriftene som har kostnader i norske kroner, og som har inntekter i utanlandsk valuta. Dei vil nyte godt av svakare kronekurs, seier Andenæs.

I tillegg har ikkje Sogn og Fjordane like stor oljerelatert aktivitet. Det er fylka nord og sør for oss som vil oppleve den største nedgangen her, meiner han.

Lågast arbeidsløyse

Frode Henden

MISTAR IKKJE JOBBEN: – Det er lite som tyder på at vi ikkje også i 2015 har lågast arbeidsløyse i heile landet, seier Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane.

Foto: NAV / NRK

Banksjefen meiner det som skjer innan valutakursane og kronekurs vil gje ein kjærkommen korreksjon til å skape ny tru.

Dette er ein moglegheit for eit regionalt næringsliv for å få tak i arbeidskraft, midlar og å utvikle seg, seier han.

Og med lågast arbeidsløyse i heile landet, er det heller ikkje fare for at fleire skal miste jobben trur NAV.

Kan trenge folk

Vi har lågast arbeidsløyse i heile landet, og vi trur at dette vil halde seg også i 2015. Vi kan snarare få det motsette problemet, at vi ikkje har nok arbeidskraft, seier Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane.

Dei er spente på korleis kronekursen slår ut for dei eksportretta næringane, men også for industrien.

For nokre næringar er det store moglegheiter akkurat no, seier Arvid Andenæs.

Tabell over arbeidsløysetal i Norge

ARBEIDSLØYSA I NORGE: Tabellen viser at Sogn og Fjordane har lågast arbeidsløyse i landet.