NRK Meny
Normal

Banksjef: Vil at oljefondet skal investere i Norge

FLORØ (NRK): Oljefondet bør investere i infrastruktur som vegar her i Norge, og ikkje berre i til dømes eigedom i utlandet. Denne brannfakkelen kasta Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane under eit møte med Norges Bank i dag.

Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane

VIL OPNE OPP: Sjef for Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, meiner at politikarane bør vurdere å kunne bruke Oljefondet til grunninvesteringar i Norge.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Statens Pensjonsfond Utland, som vanlegvis blir kalla Oljefondet, har investert enorme summar i mellom anna eigedom, råvareprodusentar og annan industri verda rundt. Men politikarane har bestemt at ingen av investeringane skal skje her i landet.

– Eg utfordrar på at kor stor skal nedturen bli og kva skal til for at politikarane kanskje ser annleis på det, og kanskje ser at også infrastruktur i Norge kan vere eit aktuelt investeringsområde for oljefondet, seier administrerande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, til NRK.

Han meiner at det er på tide for det politiske miljøet å vurdere om ein del av milliardane frå Oljefondet kan brukast her heime.

– Det er ikkje tvil om at berekningar syner at avkastninga på infrastruktur er høg, og kanskje høgare enn det ein oppnår ved å investere i sentrale eigedomar i London og Paris, seier Andenæs.

Frykt for inflasjon

I dag var visesentralbanksjef Jon Nicolaisen i Norges Bank på besøk i Florø for å snakke om utsiktene for norsk økonomi, og Andenæs var ikkje framand for å utfordre sentralbanken på spørsmålet om handlingsregelen og investeringane i utlandet.

– Det er jo frykta for inflasjon som ligg i botn. Men no er jo den tilnærma null. Tidene og kanskje også den økonomiske politikken vil endre seg. Dette er ikkje Norges Bank sitt område, dette er dei valde politikarane som eventuelt må bestemme, slår Andenæs fast.

Arvid Andenæs og Jon Nicolaisen

TOPPMØTE: Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane (t.v.) i samtale med visesentralbanksjef Jan Nicolaisen i Florø onsdag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Påverkar næringane langs kysten

Jon Nicolaisen held seg lojalt til reglane for Oljefondet, og at målet med dei investeringane dei gjer er å styrke norsk økonomi. Ikkje minst i den situasjonen Norge er i i dag, men sterk nedgang i investeringstakta i olje- og gassnæringane.

– Vi står framfor ei omstilling i Norsk økonomi knytt til nedgangen i investeringane i oljesektoren, det påverkar næringsverksemda i Norge, særleg langs kysten. Samstundes så er det andre verksemder som nyt godt av svakare krone og lågare rente som kan bidra til ny vekst, seier Nicolaisen til NRK.

Det er ikkje tvil om at berekningar syner at avkastninga på infrastruktur er høg, og kanskje høgare enn det ein oppnår ved å investere i sentrale eigedomar i London og Paris,

Banksjef Arvid Andenæs

Betring mot slutten av 2016

– Når trur du at Norge kan vere ute av den nedturen vi no opplever?

–Det er veldig vanskeleg å spå, det kjem an på kor flinke dei som jobbar i næringslivet handterer den situasjonen. Vi trur at det verste er gjort mot slutten av 2016. Då er mesteparten av nedgangen i oljeinvesteringane unnagjort, og vi håpar og trur på ny vekst i andre delar av næringslivet, seier Nicolaisen.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.