Hopp til innhold

Banksjef takkar Jens Stoltenberg for at han kjem etter orkanen

– Det er berre å lette på hatten og takke statsminister Jens Stoltenberg.

Stoltenberg ekstremvær

STATSMINISTEREN KJEM: Etter først å ha sagt nei, ombestemte Jens Stoltenberg seg. No blir det tur til Vestlandet.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Det skriv banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arve Sandal, på bloggen sin.

Onsdag etterlyste han Jens Stoltenberg. Sandal meinte statsministeren burde ta seg ein tur får å sjå alle herjingane etter orkanen Dagmar 1. juledag og for å setje mot i alle dei som opplevde naturkatastrofen.

– Jens Stoltenberg burde gjere som kong Harald gjorde etter nyttårsorkanen i '92 – spenne på seg støvlane og komme seg til Vestlandet.

– Treng fellesskapen

Sandal meiner at folk i vest er vane med tøffe tak og er flinke til å finne kreative løysingar når naturen slår seg vrang.

– Men kreftene som var i sving i jula, rokkar ved tryggleiken. Då treng vi krafta som den nasjonale fellesskapen gir.

Frykta vi skulle bli gløymde

Arve Sandal

GLAD: Banksjef Arve Sandal set pris på at Jens Stoltenberg kjem til Vestlandet.

Foto: Arve Ullebø/Rein luksus

Etter først å ha sagt nei til å komme til dei orkanherja fylka, så ombestemte Stoltenberg seg. Etter nyttår blir det tur til Vestlandet, noko Sandal er glad for.

– Eg var lenge redd at vi skulle oppleve det same som under gasseksplosjonen i Gulen. Då blei ein liten kommune og eit hardt prøva folk i stor grad overlate til seg sjølv og nærast gjort til kasteball mellom ulike fagetatar.

Tidlegare i dag har samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og kommunalminister Liv Signe Navarsete vore på besøk i Nordfjord for å sjå på øydeleggingane.