Hopp til innhold

Banksjef om Terra: - Lureri

Banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, er ikkje nådig i sin kritikk av Terra.

Arvid Andenæs

- Det er heilt uakseptabelt at ein ikkje får fram kva som verkeleg er risikoen i slike produkt. Det er rett og slett lureri, seier banksjef Arvid Andenæs.

- Rammar heile banknæringa

- Dette er noko som rammar heile banknæringa, trur Andenæs.

Både Vik og Bremanger har investert store beløp i risikofylte amerikanske obligasjonar. Også seks andre kommunar har gjort liknande investeringar. Fire nordlanskommunar står i fare for å misse heile investeringa på 451 millionar kroner.

Andenes avviser at sparebankane på eigarsida skal vere med å dekkje kommunane sine økonomiske tap.

Må ta ansvar

- Nei, det bør dei ikkje. Her har vi ansvar frå begge sider. Dei har gått på ei blemme som dei må ta ansvar for sjølve. Terra-gruppen har gjort det gjennom å køyre selskapet sitt konkurs, og ein kan meine mykje om det. Verdiane vart borte over natta. Det kan det stillast spørsmål ved også, seier Andenæs.

- Her må vi passe på at vi har kompetanse og lærer av dette i framtida, seier han.