Hopp til innhold

Banksjef om grøne lån: – Blir sagt mykje og gjort lite

SOGNDAL (NRK): Han var den første banksjefen i Noreg som tilbydde kundane sine rentefrie miljølån. No meiner han myndigheitene må legge betre til rette for at fleire skal følgje etter.

Knut Oscar Fleten

FØRST UTE: Knut Oscar Fleten tilbyr kundane rentefrie miljølån.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Låna vi gir går til tiltak som solceller og varmepumper, som gir lågare energibruk. Eg trur utelukkande at det har hatt ein positiv verknad på karbonavtrykket, seier Knut Oscar Fleten. Han er banksjef i Sparebank 1 Hallingdal Valdres.

Banksjefen er komen til Sogndal for å delta på klimaomstillingskonferansen. Han skal halde eit innlegg om korleis myndigheitene må bidra til at fleire bankar gjer som dei, å setje klima og grøne investeringar i fokus.

For tre år sidan byrja dei å tilby rentefrie miljølån til kundane sine. Det vil seie lån som går til miljøoppgradering av bustad eller hytte. Lånet er rentefritt det første året, det stig med 0,5 prosentpoeng etter eitt år og høgaste moglege rente er 1,5 prosent.

– Du får ikkje bankane til å tape pengar i stor målestokk. Vi er avhengig av å finansiere dei grøne låna og førebels er det ingen som gjev oss grøne innskot. Politikarane kan bestemme at kravet til eigenkapital og risikovurdering knytt til grøne lån er «snillare» enn tradisjonelle lån. Det vil stimulere fleire banker til å utvikle miljøplanar.

– Per i dag blir det sagt mykje og gjort lite, meiner banksjefen.

Magnus Snøtun

MILJØMEDVITEN: Magnus Snøtun i Jostedalen var tidleg ute med å montere solcellepanel.

Foto: Privat

Gjorde tiltak utan lån

På låveveggen til Magnus Snøtun i Jostedalen heng solcellepanela tett i tett. Ei investering som kosta han i overkant av 120 000 kronar. Han gjorde investeringa over tid og utan lån, men meiner grøne lån høyrest ut som ein god ide.

– Eg trur det er mange som kunne tenkt seg å bidra til utviklinga, så då ville kanskje ei slik investering vore aktuell for fleire. Eg ville nok vurdert det, seier han.

Han er tydeleg på kvifor han gjorde investeringa.

– Å kutte klimagassutslepp var det beste argumentet. Økonomisk sett må eg vere veldig optimistisk for å få det til å gå i null, seier Snøtun.

– Vanskeleg å gjere noko

Statssekretær i Finansdepartementet Geir Olsen (V) tykkjer miljølån er eit godt tiltak.

– Det er utmerka at lokale banker vil gje billigare lån til miljøtiltak. Det kan vere med på å bidra til betre bustader og mindre klimautslepp, seier han.

Men ifølgje statssekretæren er det ikkje er mogleg for regjeringa legge betre til rette slike lån.

– Det er vanskeleg for regjeringa å gjere noko som helst her. Vi kan ikkje tilby banken billigare lån frå staten og vi kan heller ikkje setje ned kapitalkravet til slike lån. Det er ingen garanti for at desse låna vil medføre mindre tap eller til dømes bustadlån.

God marknadsføring

Banksjefen frå Valdres er klar på at dette også handlar om marknadsføring.

– Fleire og fleire tenkjer grønt, noko vi ser i auken i salet av elbilar. Ved å vere ein bank som tek eit bevisst grønt val, treff vi ei kundegruppe som er i vekst, seier Fleten.

– Mange bankar ser dette i eit risikoperspektiv. Vi har valt å sjå det i eit moglegheitsperspektiv, legg han til.