Tjuvane har tatt seg inn gjennom hovudinngangen og tatt med seg safen, fortel politibetjent Vegar Vik.
Pengeskapet er seinare funnen att ope i vegkanten på veg mot Florø - utan pengar men med fleire papir som stammar frå banken.
Lite pengar
Pengeskapet vart funne i vegkanten - foto Steinar Lote NRK
- Det skal ikkje ha vore store pengebeløp i safen, seier Vik.
Innbrotet har truleg skjedd i natt. Tjuvane har først knust vindauget i hovuddøra, før dei har brukt brekkjern for å ta seg inn ei anna dør.
Utan spor
Førebels har politiet ingen spor eller vitneobservasjonar.
Banken i Hyen er ein liten filial som berre er open nokre dagar i veka, og var truleg ikkje utstyrt med alarm.