Bankfilial får medhald i retten

Ein mann i 50-åra, som tidlegare var avdelingsleiar for ein bankfilial i Sogn og Fjordane, står no utan jobb, skriv Firda. Bergen tingrett gjev arbeidsjevar medhald i at oppseiinga var sakleg. Oppseiinga skjedde i samband med ein omfattande nedbemanningsprossess i fjor. Den oppsagde mannen, som ikkje godtok at det var han som var plukka ut som overtalig, må no betale banken sine saksomkostningar på 299 000 kroner.