Hopp til innhold

Bankar varslar Terra-rettsak

Sparebankane bak meklarhuset Terra Securities varslar rettssak for å få ut pengar frå konkursbuet før kommunar og andre kundar som har tapt.

Folk som lever med tapa seier det er utruleg at bankane som tente på meklarhuset no kjempar mot dei om restane.

Jostein Eimhjellen, hotellsjef på i Bremanger meiner dette vert heilt feil.

Bankane på si side meiner folk ikkje må blande deira krav med at kommunane har tapt pengar.