Hopp til innhold

Banka Lillestrøm på bortebane

Sogndal knuste Lillestrøm på bortebane og har no teke endå eit steg vekk frå nedrykksstreken. Dagens heltar på Åråsen vart Hopen, Halvorsen og Hovland.

Eirik Bakke (t.v.) gratulerer målscorer Ørjan Hopen
Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Sogndal reiste til Åråsen med ein dårleg bortestatikk mot Lillestrøm. Laget hadde berre vunne fire av tolv kampar, men søndag kveld tok karane frå saftbygda revansje.

Då det hadde gått 35 minutt av første omgang, sette Ørjan Hopen eit frispark frå skrå vinkel rett i mål. Etter han vart det skåringar av både Ole Jørgen Halvosen og Even Hovland. Med andre ord ein målfest mot trenar Henning Berg sine gutar.

Sogndal ligg no tredje sist på tabellen med 23 poeng, men sigeren mot Lillestrøm i dag førte laget lenger vekk frå den raude streken på tabellen.

Fotballekspert lovprisar Sogndal

NRK sin fotballekspert Karl-Petter Løken er imponert over sogndølane.

– Dette er ein kjempeprestasjon og viser at Sogndal er eit formlag. Laget har klart å halde nullen sju gongar denne sesongen, og det er det få andre som har klart i år, seier Løken.

Tre sigrar, tre uavgjort og eit tap på dei siste sju kampane er rett og slett imponerande, meiner fotballeksperten.

God stemning i bussen i kveld

Even Hovland

Målskårar: Even Hovland sette inn 3-0 målet mot Lillestrøm

Foto: Sander Heggheim

Assistenttrenar Terje Skjeldestad er ein lukkeleg mann etter kampen i dag, og lovar god stemning i bussen på veg heim til Sogndal.

– Lillestrøm var best i første del av kampen, men då den første skåringa kom etter 35 minutt losna det for oss, fortel Skjeldestad.

Han er spesielt imponert over Even Hovland, som kom tilbake frå skade og skåra.

– No må vi kjempe knallhardt vidare for å overleve i tippeligaen, og det trur eg alle gutane er fullstendig klar over.

Sogndal har no to lag bak seg på tabellen. Start har 17 poeng og Sarpsborg 08 ligg nedst med 16 poeng.