Hopp til innhold

Ballongflørt til 18.500 kroner

Familien Lødemel i Hornindal trudde ikkje sine eigne auge. Ute på bøen låg ein stor klase ballongar med gåvekort verdt 18.500 kroner frå ulike butikkar på Hamar.

Øyvind Lødemel.
Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Det er mykje som kan kome ned frå himmelen. Men dei færraste av oss har vel opplevd å få flygande gåvekort dryssande utover bøen.

Gåvekort frå 21 butikkar

Familien Lødemel i Jutedalen i Hornindal fekk seg ei skikkeleg overrasking då dei vakna søndag morgon, fortel avisa Fjordingen. For ute på bøen låg ein stor klase med 40-50 ballongar.

- Mor gjekk ut for å sjå og kom oppatt med ein stor klase ballongar, der det stod "Flørteuke på Torghjørnet". Under ballongane hang det gåvekort frå ulike butikkar på Torghjørnet på Hamar, fortel sonen Øyvind Lødemel.

- Vi skjønte jo at dette var meint på fleire enn berre oss, viss ikkje hadde det vore litt av ein flørt. Då vi talde opp var det gåvekort til ein samla verdi på 18.500 kroner på alt frå klede til mat i 21 butikkar, seier Lødemel til NRK Sogn og Fjordane.

Handletur til Hamar

Familien har alt hatt kontakt med handelsstanden på Hamar, og dei planlegg ein skikkeleg handletur til Hedmark i løpet av mai. Pengane skal det ikkje stå på.

- Når nedbøren kjem som verdipapir er det jo berre kjekt, humrar Lødemel.

Han fortel at handelsstanden reagerte med latter då dei fekk høyre at ballongane hadde hamna i Hornindal.

- Det er greit med flørteveke, men vi trur vel ikkje arrangørane på Hamar hadde tenkt spesielt på å flørte med oss her i Jutedalen, seier Lødemel til avisa.

Sjokkert senterleiar

Leiar for kjøpesenteret Torghjørnet, Magne Molund, lovar både pressedekning og kake når nordfjordingane kjem til byen for å handle med dei luftige gåvekorta.

- Eg vart sjokkert og trudde det var ein stor spøk. Det er veldig morosamt, og vi ønskjer vinnarane hjarteleg velkomne til Hamar. Vi skal ta godt imot dei, seier Molund til NRK Sogn og Fjordane.

Han synest det er godt gjort at ballongane på mindre enn eitt døgn har fare med vinden heilt til Nordfjord. Ballongane vart sleppte i to omgangar sist laurdag i samband med ei såkalla flørteveke på senteret. Totalt vart det sleppt til himmels gåvekort til ein verdi av 50.000 kroner.

- Når nedbøren kjem som verdipapir er det jo berre kjekt.

Øyvind Lødemel