Hopp til innhold

Balestrand ligg i landstoppen på integrering

Heile åtte av ti flyktningar som har delteke på introduksjonsprogram i kommunen er i jobb eller utdanning.

Salma Omar frå Eritrea jobbar på Balestrand helsetun

PÅ TOPP: Ingen kommunar i Sogn og Fjordane kan vise til liknande tal som Balestrand når det gjeld integrering. Salma Omar frå Eritrea, er ein av fire flyktningar som i jula tek vakter ved Balestrand helsetun.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det er eit resultat ingen kommunar i Sogn og Fjordane er i nærleiken av. I Balestrand er fire flyktningar på jobb ved Balestrand helsetun no i jula.

– Eg jobbar med eldre, eg steller, mater og dusjar dei, seier ein av dei fire, Salma Omar frå Eritrea.

Ei norsk suksesshistorie

Balestrand helsetun har blitt eritreiske Salma Omar sitt møte med norsk arbeidsliv. I ei daglegstove på grøn avdeling sit to eldre damer i kvar sin rullestol. Ved eine kortveggen får Salma unna oppvasken, og syter for at damene har noko i drikkeglasa.

Salma Omar trivst i jobben på Balestrand helsetun

NØGD: Salma Omar trivst i jobben, og seier ho lærer både språket og å jobbe.

Foto: Steinar Lote / NRK

Balestrand har berre 1300 innbyggarar. Men Nav sitt Introduksjonsprogram for flyktningar med fast opphald, er i ferd med å bli ei norsk suksesshistorie.

Det handlar om integrering, men også sårt tiltrengt arbeidskraft.

– Viss dei ikkje hadde fått arbeidspraksis, så hadde dei hatt vanskelegare for å lære språket. Og for eit lite samfunn som Balestrand, så er alle innbyggjarar viktige, seier Heidrun Bjørg Sveindottir Grinde, avdelingsleiar ved Balestrand helsetun.

Imponerande tal

Så langt har 16 flyktningar i kommunen deltatt i programmet som gir norskopplæring med arbeidspraksis. Den aller første var Tsegay Genet Negash. Vi møter henne der ho travelt svingar moppen på rommet til ein av bebuarane på aldersheimen.

Nav-leiar i Balestrand og Høyanger, Anne Tove Sjøthun Nyheim

STOR OMSORG: Anne Tove Sjøthun Nyheim, Nav-leiar i Balestrand og Høyanger, seier dei gamle vert sett på som ein større ressurs i andre kulturar, samanlikna med den norske.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg har jobba eitt år i reinhald, seier ho.

83 prosent av deltakarane er no i arbeid eller utdanning, viser tal frå Integrerings og mangfaldsdirektoratet. Det plasserer Balestrand i landstoppen. I Sogn og Fjordane må ein langt ned på lista for å finne neste kommune, Stryn med 50 prosent.

Nav-leiar i Balestrand og Høyanger, Anne Tove Sjøthun Nyheim, trur mykje av forklaringa er ligg i tett samarbeid mellom Nav, Balestrand kommune og næringslivet.

– Eg trur det først og fremst det er på grunn av den gode kontakten vi har med bedriftene. At vi har eit internasjonalt miljø her betyr mykje. Og det er jo på grunn av turismen og hotella, som og har vore flinke til å støtta opp om integreringa av dei som har kome hit, seier ho.

Har stor omsorg for dei gamle

Mange av flyktningane som kjem, særleg kvinnene ønskjer å jobbe innan helsestellet, fortel Nav-leiaren.

Heidrun Bjørg Sveindottir Grinde, avdelingsleiar ved Balestrand helsetun.

STOR HJELP: Heidrun Bjørg Sveindottir Grinde, avdelingsleiar ved Balestrand helsetun, trur arbeidspraksis er avgjerande for at flyktningane skal bli integrerte og lære språket.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Du ser det at dei har ein utruleg omsorg for dei gamle. Dei gamle er ein ressurs i andre kulturar, meir enn dei er i norsk kultur, seier ho.

På helsetunet ser ein resultatet på vaktlistene til avdelingsleiaren.

– Vi får ekstra vikarar og ein ekstra ressurs til å hjelpa for eksempel no i jula, når ein treng ekstravakter, seier Grinde.

Trebarnsmora Salma frå Eritrea blir ein av fire flyktningar på vaktlista i jula.

– Eg lærer norsk og eg lærer korleis eg skal jobbe, seier ho.

Vesle Balestrand er i landstoppen på vellykka integrering av flyktningar. Åtte av to som deltek på introduksjonsprogram, har gått vidare til jobb eller utdanning.
Og når vaktene ved Balestrand helsetun skal fyllast opp til jul, står fire flytningar på lista...

SJÅ TV-SAK: Balestrand i landstoppen på integrering. (Foto/redigering: Steinar Lote)