Hopp til innhold

Rekordår på Balejazz

– Balejazz i år har vore heilt fantastisk med rekordbesøk, rekordsal av billettar og rekord mange glade førnøgde publikum. Det fortel ein nøgd festivalsjef, Sigurd Kvikne.

SJÅ VIDEO: FOTO: Hallvard Hatlestad.

Sjølv om ikkje vêret har vore heilt på deira side gjennom heile helga, er festivalsjefen godt nøgd med Balejazz 2013.

– Det har vore heilt strålande alt saman, seier Sigurd Kvikne.

1000 fleire

Kvikne har ikkje heilt oversikt over eksakt talet på besøkjande, men han reknar med det har vore om lag 1.000 fleire enn i fjor. I fjor var i overkant 3.000 personar innom arrangementet.

– Publikumsmessig var Mezzoforte og Hanne Boel dei som selde flest billettar. Dei var utselde. Også konserten med Odd Nordstoga og Ketil Bjørnstad og Kari Bremnes vart utselde, fortel Kvikne.

Han fortel at årets programmet var ein innertiar, med godt besøk på dei aller fleste av arrangementa.

Litt surt og kaldt

Det einaste som ikkje var heilt optimalt var kanskje vêret. Men det stogga ikkje folk i å møte opp på den tradisjonsrike festivalen.

Balejazz

FESTIVALSJEF: Sigurd Kvikne valde å sjå utekonserten frå vindauget.

Foto: Lars Jonas Pedersen (lars@gang.no)

– Vi hadde utekonsert på laurdag og då var det kaldt og surt og litt regn, men bandet Sogndal Storbandbesetning stilte opp å spelte. Publikum stilte og opp der dei fleste stilte seg i ly under balkongen, fortel festivalgeneralen som sjølv såg konserten frå hotellvindauget.

Streik skapte trøbbel

Med rekordbesøk og utselde konsertar trur Kvikne det har gått bra økonomisk for festivalen også.

– Det einaste skår i gleda er dei meirkostnadene vi har fått i samband med streiken i Widerøe. Der har vi omdirigert veldig mange artistar til Bergen og leigd bilar og sjåførar derifrå. Kostnadene der har vi ikkje oversikt over enda, men eg håpar det ikkje blir for gale, seier han.

Nyheita om streiken kom like før festivalen skulle gå av stabelen.

– Det var jo ein veldig ubehageleg nyheit å få dagen før festivalen skulle begynne. Vi skulle ha 50 artistar inn med fly til Førde og måtte då begynne planlegginga av nye reiseopplegg for alle saman. Det var veldig hektisk og til dels kritisk på eit tidspunkt, men det ordna seg heldigvis slik at alle artistar kom bortsett ifrå ein, seier Kvikne.

Utanom alt ekstraarbeidet, fekk dei gjennomført programmet slik dei hadde planlagt.

– Men det blei mykje ekstraarbeid og eg er redd at det er ein del ekstrakostnader med det og.

Fullt overalt

– Grunnen til at så mange kjem på Balejazzen er nok fordi vi har treft med programmet. I tillegg er det veldig mange som kjem tilbake år etter år. Den skaden trur eg blir større og større for kvart år faktisk, fortel festivalgeneralen.

Alle overnattingsplassar, camping og hotell var fulle.

– Det har vore fullt overalt og faktisk vore problem for enkelte å finne overnattingsplass, seier Kvikne.

Etter ein slik suskessfestival meiner Kvikne det gir større rom for å forbetre festivalen ytterlegare, og han håpar dei skal klare å løfte det enda meir neste år.

– Vi er veldig fornøgde og glad for at så mange tok turen til Balejazz i år.

Sjå bilete frå festivalen: