Hopp til innhold

Bål ute av kontroll starta brannen

Eit bål ute av kontroll starta brannen ved Fardal i Sogndal i går ettermiddag. I fleire timar arbeidde brannvesen og sivilforsvaret for å hindre at brannen spreidde seg til hus. – Det framleis er for tidleg å seie kor straffbart eller ikkje bålbrenninga var, seier Innatsleiar for politiet Magne Strømstein. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap opplyser at dei på grunn av skogbrannfaren har bestemt seg for å forsterke beredskapen med tre skogbrannhelikopter gjennom påska. Desse er stasjonert på Torp, Kjeller og Sauda.

Gras- og lyngbrann i Fardal
Foto: Halvor Farsund Storvik / Porten.no