Hopp til innhold

Bakkes minnefond skal hjelpe unge talent

Eit halvt år etter at Sogndal-legenda Svein Bakke døydde, er det no oppretta eit minnefond i namnet hans.

Svein Bakke og Ingvar Stadheim

BETYDD MYKJE: Ingvar Stadheim (t.h.) seier det er viktig for dei å halde minne etter Svein Bakke ved like.

Foto: Paul Owesen / Noralv Pedersen / Scanpix/NRK

– I Svein si ånd ønskjer vi med dette fondet å gje tilbake til talent, men då tenkjer vi litt breitt. Både talent innanfor fotball, dømming og leiarskap i regionen Sogn og Fjordane, fortel tidlegare lagkamerat av Bakke, Ingvar Stadheim til NRK.

Han har også vore trenar for Sogndal og skal vere med å styre fondet. Målet er å gje eit årleg stipend til unge talent.

Kronerulling etter ferien

Grunnkapitalen og styret er på plass, og dei har eit godt grunnlag for å gå ut med ei kronerulling. På kontoen no står det allereie 2,5 millionar kroner.

– Når ferietida er over vil vi gå ut og utfordre folk som vi veit har ei nærleik til både Sogndal Fotball og Svein Bakke, seier Stadheim.

Stadheim seier det er viktig for dei at Svein sitt minne vert heldt ved like, og at dei er med å bidrar til at folk hugsar han. Mannen som gjekk brått vekk like før jul i fjor har betydd mykje for mange, fortel den tidlegare Sogndal- og landslagstrenaren.

– Vi set pris på det Svein Bakke stod for, både som person, spelar og leiar. Berre den jobben han gjorde dei siste to åra med å utvikle seniorklubben som har ført til at mange av seniorane som har spelt på Sogndal tidlegare fekk ei tettare tilknyting til klubben.

Hybelkameratar

Stadheim har sjølv spelt i lag med Bakke i Sogndal, blant anna i den historiske 1976-sesongen, då Sogndal kom til cupfinalen.

– Vi hadde eit lag på 70- og 80-talet som bestod av jamt gode spelarar, men Svein var litt betre enn oss andre og drog oss med. Sidan har han markert seg som leiar i Sogndal, men også sett preg på utviklinga av norsk fotball, seier Stadheim.

I perioden på 70-talet budde dei på hybel ved sidan av kvarandre.

– Vi var gode venner på alle måtar. Så vart det slik at vi ikkje hadde så mykje kontakt i mange år, eg flytta frå Sogndal og var vekke ein periode.

– Men dei siste to åra har både Svein og eg engasjert oss i Sogndal Fotball igjen og fann att kontakten. Eg trur vi begge gleda oss til å samarbeide på nytt og jobbe saman til beste for Sogndal Fotball, fortel Stadheim.