Hopp til innhold

Bakkebø til Innovasjon Norge

Leon Bakkebø frå Dale er tilsett som ny finansieringsdirektør i Innovasjon Noreg. – Dette er ein utfordrande og spennande jobb. Eg gler meg til å bli ein del av eit offensivt og kompetent lag som skal utgjere ein positiv skilnad for eit framtidig sterkt og innovativt norsk næringsliv, seier han i ei pressemelding. Det siste året har Bakkebø vore leiar av Sogn og Fjordane Næringsråd. Han startar i den nye stillinga 1. oktober.

Leon Bakkebø, dagleg leiare i Sogn og Fjordane næringsråd
Foto: Privat