Hopp til innhold

Bakke: – Etter to mål var det gjort

Ein stolt Eirik Bakke kunne søndag ta med laget sitt heim igjen med ein 5-0-siger i lomma.

Eirik Bakke før kampstart

GODT NØGD: Eirik Bakke meiner Sogndal-spelarane gjekk heilt i kjellaren og at dette gjorde at resultatet blei som det blei.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Etter ein halvtime kom det første målet for Sogndal, ved Kristian Fardal Opseth. Berre seks minutt seinare var det 0–2 i Bærum, då ved Bjørn Inge Utvik.

0-2 vart resultatet til pause, og mange frykta kanskje kva som kunne skje i andre omgang. Det var det ingen grunn til, for tre nye mål vart lagt til i Sogndal sin favør. Opseth sette inn det tredje målet, og dermed sitt andre, medan Mahatma Otoo tok seg av dei to siste.

– Kunne fort ha lege under 1-0

– Det var jamt ganske lenge og så scora vi eitt par mål og då var det gjort. Ein forventar aldri å vinne 5–0. Det er ikkje slikt som skjer kvar dag, men det var solid av spelarane. Dei vaks meir og meir inne i kampen. Det var moro for Kristian og Mahatma. Det lovar bra for framhaldet, seier Bakke.

Han fortel om eit Bærum-lag som datt heilt saman, samstundes som Sogndal spelte betre og betre.

– Det var stor forskjell på laget utover i kampen. Vi har mykje positivt å ta med oss, men så kan vi luke vekk ein del ting. Hadde det ikkje vore for Mathias Dyngeland kunne vi fort ha lege under 1-0, fortel Bakke om ein situasjon tidleg i kampen.

Bra for sjølvtilliten

Trenaren meiner dei fekk stor utteljing for å bruke to spissar mykje framover, to spissar som skapte mykje på eiga hand. Sogndal-ekspert Jon Navarsete, meiner laget har vore for lite aggressive dei siste kampane, men Bakke meiner dei utover i kampen mot Bærum vart mykje meir offensive.

Sjølv om det er bra for sjølvtilliten til Sogndal-spelarane med ein så stor siger, har Bakke likevel allereie fokus på det som skjer seinare i sesongen.

– Det er ny kamp neste helg og då hjelper det ikkje kva vi har gjort denne helga, men i dag skal vi vere nøgd med sigeren.

Mange ute - andre fekk prøve seg

Fleire spelarar er ute med skader, blant anna Babacar Sarr og Petter Strand, noko som medførte at spelarar som Peter Aase og Eirik Skaasheim, Simen Brekkhus fekk komme ut på bana. I tillegg fekk Ruben Holsæter speletid etter å ha slite med skader. Bakke meiner dette er noko av det meste positive dei tek med seg frå kampen mot Bærum.

– Det er slik at når nokon er ute så må dei andre gripe sjansen, og det gjorde dei i dag. Det er slik eg håpar det blir framover også. Konkurranse er veldig sunt. Det gjer til at alle må vere på heile tida, seier Bakke.