Hopp til innhold

Påtroppande Sogndal-trenar vil byggje vidare på eit eliteserielag

Åtte kampar på rad utan siger har plassert Sogndal Fotball med begge beina i nedrykksstriden. – Eg tykkjer synd i gutane og trenarteamet, seier påtroppande Sogndal-trenar, Eirik Bakke.

Eirik Bakke

VIL BLI: Eirik Bakke vil helst ta over eit Sogndal-mannskap som spelar i eliteserien, framfor å vere eit 1. divisjonslag.

Foto: NRK

Den tidlegare englandsproffen er blant gjestane i siste utgåve av Fotballpanelet. Det er også sportsansvarleg i NRK Sogn og Fjordane, Rune Fossum, som meiner Sogndal kan ha godt av å ta steget ned ein divisjon.

Det er ikkje Eirik Bakke samd i.

– Utfordringar likar vi, og når eg no har kasta meg ut i det, så håpar eg vi er i Tippeligaen og at vi skal bygge noko frå det. Det trur eg er endå betre enn å vere i 1. divisjon, seier han.

– Stolt av spelarane

Frå tribuneplass såg Bakke Sogndal dominere, men tape søndagens oppgjer mot Lillestrøm. Med Brann sitt eine poeng mot Vålerenga, pustar bergenslaget for alvor i ryggen på Sogndal.

(Artikkelen held fram under tredje del av Fotballstudio)

Terje Rognsø, Knut Erik Folland og Eirik Bakke er mellom gjestene Kjell Arvid Stølen har i den tredje utgåva av Fotballstudio.

SJÅ: Den tredje utgåva av NRK Sogn og Fjordane sitt Fotballstudio.

Allereie i juni vart det klart at Bakke tek over som trenar når kontrakten til Jonas Olsson går ut etter sesongslutt .

– Dei gjorde ein god kamp, men set att med ingenting. Eg er stolt av innsatsen og spelet. Det er surt å tape, men dersom ein ser bak resultert så ser ein at det er veldig mykje bra, seier Bakke.

Har erfaring

Med ni kampar att av sesongen, fire av dei på heimebane, er Sogndal i ein situasjon dei har vore i dei seinare åra. Dei må prestere og score dei avgjerande måla for å sikre poenga som gir dei fornya eliteseriekontrakt.

– Vi har vore i den situasjonen før, og der har vi ein stor fordel i høve til resten av laga. Eg trur Sogndal er eit tippeligalag også neste år. Eg håpar i alle fall det, seier han.

– Det betyr mykje for meg personleg om vi held plassen, og det er viktig for bygda og heile fylket, legg han til.

Bakke om kritikken

Sogndal Fotball har siste tida fått mykje kritikk for å bruke få lokale spelarar. Mot Lillestrøm var tre i startellevaren frå Sogn og Fjordane. Den påtroppande trenaren meiner Sogndal har fått urettferdig kritikk.

– Eg meiner vi gjer ein veldig god jobb på den sida. Før sesongen var 11 av 23 spelarar frå Sogn og Fjordane. Dei siste fire-fem åra har vi selt sju-åtte fylkesspelarar ut. Det er slik vi skal drive, seier han.

– No er det ein periode der det ikkje er så mange, men allereie frå januar blir det endå fleire spelarar frå Sogn og Fjordane, legg han til.

Sakkar akterut

I fotballstudio fortel Bakke også om korleis han håpar å setje sitt preg på Sogndal Fotball.

I 2. divisjon har Florø Fotball sakka akterut i kampen om opprykk etter fire poeng på dei seks siste kampane. Førde er like over streken og klarte i helga berre uavgjort mot botnlaget Stord. Dette er også tema i den tredje utgåva av Fotballstudio, der Kjell Arvid Stølen er programleiar.