NRK Meny
Normal

Bakke vurderer å leggje opp

Eirik Bakke (35) kan ha spelt sin siste fotballkamp. Søndag fekk den tidlegare englandsproffen eit halvt minutt då Sogndal berga kontrakten mot Brann.

Eirik Bakke og Ulrik Flo

TENKJEBOKSEN: Eirik Bakke (t.h.) vurderer å sette punktum

Foto: Oddleif Løset / NRK

Midtbanespelaren med 27 A-landskampar for Norge var storveges nøgd over å sjå lagkameratane sikre plassen i neste års eliteserie.

No får han tid til å vurdere sin eigen situasjon og om også han blir å finne i Eliteserien 2013.

– Eg har vore så oppspelt på denne kampen her. No er alt greitt, så då er dette noko eg vil ta stilling til dei næraste dagane. Eg må ha ei runde med Jonas (Olsson, red. anm.), teamet rundt om kva spelarar vi får inn, og så familien. Det kjem an på totalpakken, seier Eirik Bakke.

Har bestemt seg

Bakke starta karriera i Sogndal og etter 99 kampar og 18 mål frå 1993 til 1999, reiste han til proffeventyr med Leeds. Her fekk han mellom anna med seg semifinale i Meisterligaen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eirik Bakke for Leeds mot Valencia i Champions League (2001)

LEEDS: Eirik Bakke for Leeds mot Valencia i Meisterligaen 2001.

Foto: JEFF J MITCHELL / REUTERS

Bakke var innom Aston Villa på lån og Brann, før sirkelen vart slutta før fjorårssesongen. Etter 38 kampar i sin andre periode i Sogndal, vurderer han å setje punktum.

– Eg har eigentleg bestemt meg, men vil ikkje gå ut med noko no, seier han til NRK.no.

– Krev mykje i toppen

I det som var Sogndals lagnadskamp, og kanskje Bakke sin siste kamp i svart og kvitt, kom midtbaneslitaren innpå heilt mot slutten.

Utfallet av Sogndal sin kamp for å halde plassen i eliteserien hadde ingenting å seie for framtida hans som fotballspelar.

– Det hadde ikkje hatt noko å seie. Eg må gå nokre runder med eit par stykker. Det krev mykje å vere i toppen, seier han.

Gror godt i Sogndal

Bakke har i år måtte venne seg til ein plass på benken. Det har blitt få heile kampar på 35-åringen.

– Det er godt å sjå at det gror godt i Sogndal, slik som i dag. Det er unge spelarar som står fram og tek tak, slik det skal vere. Plasserer du gamlingane på benken, så kjem dei yngre opp. Slik er det i eit generasjonsskifte, seier han.

Og sjølvsagt er glad over å få sjansen til å møte og slå gamleklubben.

– Ingen feil

– Eg gjorde ingen feil i dag, heller. Det er ikkje ofte det, gliser han.

– Var du borti ballen?

– Nei. Det var jo berre eit halvt minutt att då eg kom innpå, avsluttar han løyndomsfullt med eit glis.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå