Hopp til innhold

Bakke vil tilbake til røtene

Sogndal tek ferie med 0–3 i bagasjen mot Rosenborg. Ferien skal dei bruka på å finna att sin eigen spelestil.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Rosenborg.

FERIE RETT OVER STREKEN: Trenar Eirik Bakke og resten av Sogndal tek ferie med 20 poeng og ein 11.plass på tabellen. Om resten av resultata i runden går i disfavør Sogndal, kan dei bli liggjande på kvalifiseringsplass i ferien.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Me skal prøva å finna att oss sjølv. Det blir godt å pusta litt, og ikkje leva frå veka til veka med forskjellige kampplanar, seier sogndaltrenar Eirik Bakke til NRK etter kampen.

Laster innhold, vennligst vent..

Tilbake til 4-4-2

Det vart, som for tre veker sidan , 3-0-tap mot Rosenborg. Kampen opna jamspelt, men halvtimen ut i første omgang fann Milan Jevtovic vegen til nettmaskene for bortelaget. I andre omgang opna Rosenborg best, men i det Sogndal var på veg inn att i kampen, scora Fredrik Midtsjø for trønderane: 2-0.

– I det me skal endra formasjon til 4-4-2, får dei 2–0. Då blir det tungt for oss, seier Bakke.

Midtvegs i andre omgang fastsette Matthías Vilhjálmsson resultatet til 3–0.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Rosenborg.

2-0: Rosenborgs Fredrik Midtsjø har nett scora 2-0-målet.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Bakke ønskjer eigentleg at dei skal spela i ein 4-4-2-formasjon. På grunn av alle skadane dei har fått i vår, har dei brukt andre formasjonar for å «få det beste ut av gruppa», slik Bakke seier det. No skal Sogndal bruka ferien, etter først å ta nokre dagar fri, på å finna tilbake til favorittformasjonen.

– Å spela 4-4-2, pressa meir og jaga meir, det er noko me skal jobba med. Men då må me nok forsterka oss i eit par posisjonar, seier Bakke.

– Kva treng de?

– No må eg få pusta litt, og så må me sjå kva posisjonar me treng å forsterka.

Framleis ingen Hovland

Even Hovland

INGEN AVKLARING: Even Hovland har enno ikkje funne seg ny arbeidsgivar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Bakke sa fredag at dei er på prekær midtstopparjakt , då Kjetil Wæhler mest truleg er blir verande att i Oslo etter ferien, og det er knytt stor uvisse til om Espen Næss Lund blir med vidare etter ferien.

I sagaen om Even Hovland var det heller ingenting nytt å melda laurdag. Vaimingen har trent med Sogndal dei siste vekene, men den klubblause landslagsspelaren har enno ikkje bestemt seg for om han vil takka ja til Sogndal sitt kontrakttilbod.

– Even er førstevalet. Men om ikkje han vil, må me finna nokon andre, sa Bakke fredag.

Laster innhold, vennligst vent..