Bakke vil sikre plassen mot Odd

Eirik Bakke forventar tøff motstand mot eit medaljejagande Odd søndag. For Sogndal sin del gjeld det å fjerne all tvil om kva divisjon laget skal spele i komande sesong.

Eliteserien fotball 2016: Start-Sogndal 1-1.

TRENAR: Eirik Bakke vil sørge for at spelarane er fokuserte og klar til å vinne mot Odd søndag.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
gamlem
Journalist
Laster innhold, vennligst vent..

Med seks poeng ned til kvalifiseringsplassen i eliteserien, er det framleis ein ørliten moglegheit for at Sogndal kan rykke ned denne sesongen. Difor er det viktig for Eirik Bakke at spelarane er på tå hev i dei to siste kampane i sesongen.

– For meg er det viktig at vi vinn kvar kamp, så lenge det er teoretisk mogleg for andre å ta oss igjen. Eg ser oppover på tabellen, og vi har lyst til å avslutte sesongen på ein skikkeleg måte, fortel trenaren.

Søndag kan Sogndal ta første steg på vegen mot ei suksessfull avslutning på sesongen. Då møter dei Odd i Skien.

– Odd er blant dei tre beste laga i Noreg per dags dato og har vore det dei siste åra. Vi drar ned dit for å ta tre poeng, også veit vi at vi må opp på eit maks nivå skal vi ta dei, seier Bakke.

– Fått mange billege straffer

Før kampen ligg Odd på 3.-plass i eliteserien og har gode sjansar til å ta anten sølv- eller bronsemedalje.

– Fagermo har gjort ein fantastisk jobb dei ti åra han har vore der. Dei har bygd opp eit sterkt fundament, dei er gode som kollektiv og har ein klar filosofi. Dei er eit vanskeleg lag å spele mot, men det er vi òg, seier Bakke, som meiner Odd er gode til å påverke alle fasar av spelet.

Bakke seier han er redd for å møte Odd i Skien, fordi han meiner dei kan få mange situasjonar i sin favør.

– Dei får mykje situasjonar i boksen, dei har fått mange billege straffespark og er veldig flink til å påverke og få ting inn i sitt spor. Det er mange ting vi må vere merksame på når vi møter dei, fortel han.

Laster innhold, vennligst vent..
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.