Hopp til innhold

Sveen sende Sogndal i leiinga - braut foten

FOSSHAUGANE (NRK): Sogndal opp i leiinga og Ole Amund Sveen braut foten under scoringa. Innbyttar Bendik Bye har scora to gongar etter pause.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Stabæk.

BROT: Ole Amund Sveen scorar for Sogndal, men fekk brot i foten i duellen med keeper.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Følg kampen her:

Laster innhold, vennligst vent..

Og her kan du følgje kampen i på radio i 4-4-2 sendinga:

Følg heile eliteserierunden her.

Ole Amund Sveen og Mande Sayouba knalla saman i ein tøff duell om ballen, som til slutt enda i mål. Men Sveen vart liggande, medan lagkameratane ropte febrilsk på assistanse frå medisinsk personell.

Bilda tyder på at han har brote foten.

– Det kan sjå slik ut, fortel sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo i ei tekstmelding til NRK.

SOGNDAL (4-4-2): Mathias Dyngeland – Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyché, Taijo Teniste – Gilbert Koomson, Eirik Birkelund, Henrik Furebotn, Chidibere Nwalaki – Ole Amund Sveen, Martin Ramsland.

Laster innhold, vennligst vent..