Hopp til innhold

Bakke ute til haustsesongen

Sogndal må klare seg utan Eirik Bakke til over sommarferien.

Eirik Bakke

TIDLEG FERIE: Eirik Bakke er blitt samd med det sportslege og medisinske apparatet om å stå over alle kampane til over sommarferien.

Foto: Rune Fossum

Den tidlegare Leeds, Aston villa og Brann-spelaren er samd med det medisinske og sportslege apparatet om å få kvile til haustsesongen tek til.

Dermed er han ikkje med i troppen som torsdag møter Haugesund på heimebane.

– Han fekk seg ein smell att mot Brann, og er ikkje heilt hundre prosent etter kneskaden og ryggskaden. Samstundes er han kanskje ikkje i den form han helst skulle sett at han var i. Vi har innsett han treng meir tid, seier medisinsk koordinator i klubben, Kim Are Jacobsen.

– Fått strikt program

Bakke kom frå Brann til Sogndal etter fjorårssesongen. Så langt er det berre blitt 485 speleminutt fordelt på sju kampar, og eitt mål for 33-åringen.

Jacobsen seier Bakke får eit eige treningsprogram som han må følgje gjennom sommaren. Truleg er han ikkje attende før til Sarpsborgkampen 16. juli.

– Han vil få eit ganske strikt program fram til etter sommarferien. Samstundes må dette tilpassast korleis han føler det med kne, rygg og ankel, seier han.

– Eirik har ikkje stått fram som han vil, og er mykje betre enn det har fått vist. Med det opplegget som får no, håper verkeleg vise kva han er god for, seier Jacobsen.

Midten av juli

Bakke vart skadd før seriestarten mot Strømsgodset, men det medisinske apparatet i eliteserieklubben fekk han på beina så han spelte i 1-2 tapet. Fram til då viste 33-åringen gode takter og såg ut til å bli ei nyttig forsterking i eliteseriecomebacket til Sogndal.

No blir han ute til midten av juli, og misser med det oppgjera mot Haugesund, Molde, Brann (cup), Fredrikstad og Start.

– Sidan har Eirik vore ganske uheldig. Kneskaden kunne kven som helst ha fått, og eit kne i ryggen trur eg kven som helst ville kjent, seier han.

Troppen mot Haugesund: Kenneth Udjus, Mats Solheim, Vegard Gjermundstad, Even Hovland, Per Egil Flo, Ahyee Aye Elvis, Ulrik Flo, Espen Olsen, Ole Jørgen Halvorsen, Joseph Bendik, Barry Kader, Joakim Rudolfsen, Cato Hansen, Ørjan Hopen, Thomas Eriksen Ness, Isak Scheel, Eirik Skaasheim, Bjørnar Hove.