NRK Meny
Normal

Bakke ute - Hovland klar

Eirik Bakke spelar ikkje når Sogndal møter Aalesund 2. påskedag.

Eirik Bakke

IKKJE KLAR: Eirik Bakke står over kampen mot Aalesund i morgon.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det skriv Sogn Avis. Medisinsk koordinator i Sogndal Fotball, Kim Are Jacobsen, seier at Bakke har problem med ein muskel på baksida av låret og har smerter i eine leggen.

– Han skal kvile for å bli heilt klar til heimekampen mot Viking, seier han til avisa.

Det var under kampen mot Tromsø siste helg at Bakke fekk seg ein trøkk på baksida av låret og måtte hinke av bana.

Heller ikkje Eivind Daniel Røed og Joakin Rudolfsen blir med i troppen på grunn av skader og det er usikkert om Isak Scheel er klar.

Men ein som er skadefri, er Even Hovland. Han stod over kampen mot Tromsø på grunn av ein skade i rumpa. Men i morgon er han speleklar igjen.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.