NRK Meny
Normal

Bakke usikker framfor seriestarten

Eirik Bakke gjekk ned for teljing med eit smertehyl under dagens trening i Årdal. No heng seriepremieren mot Strømsgodet i ein tynn tråd.

Eirik Bakke nede for teljing (MMS-foto)
Foto: Arve Uglum / NRK

- Det ser ut for å vere ein overtrakk. Eg veit ikkje kor lang tid eg vert ute med skade, seier Eirik Bakke til NRK.no.

Gjekk ned med store smerter

Det var under dagens trening på kunstgraset i Øvre Årdal at Eirik Bakke plutseleg gjekk i bakken medan han skreik av smerte. Resten av treninga vart han liggjande og sjå på - med bandasje om okla.

Det er ikkje gode nyhende for Sogndal, som allereie søndag spelar sin første kamp i eliteserien mot Strømsgodset i Drammen:

Eirik Bakke er sett på hærførar og krumtapp på årets Sogndal-mannskap.

To nøkkelspelarar usikre søndag

Dessutan: Rett før Bakke måtte gje seg, måtte også Henrik Furebotn kaste inn handkledet. Han fekk då kjenning med skaden han fekk i treningskampen mot Løv-Ham.

Etter det NRK kjenner til, vil begge spelarane bli med troppen til Drammen i helga. Først søndag vert det bestemt om dei to kan spele kampen mot Strømsgodset.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast