Hopp til innhold

Bakke trur bytehandlen går i boks

Sogndal-klare Eirik Bakke trur den mykje omtala bytehandelen av spelarar mellom Brann og Sogndal går i orden.

Piotr Leciejewski, Kenneth Udjus, Cato Hansen

BYTER KLUBB? Piotr Leciejewski (f.v.), Kenneth Udjus og Cato Hansen.

Foto: NRK/SCANPIX

Overfor Bergensavisen (BA) nærmast garanterer den tidlegare Brann-kapteinen at bytehandelen blir noko av.

Lagt død i haust, men...

Tanken er at Sogndal-målvakt Piotr Leciejewski, av ekspertane rekna som 1. divisjons beste i år, går til Brann, mot at Brann-reservemålvakt Kenneth Udjus og spissen Cato Hansen går motsett veg.

Klubbane og dei involverte spelarane var i haust i samtalar om bytehandelen, men kom då ikkje til semje. Denne veka skreiv Bergens Tidende at bytehandelen likevel ikkje var lagt død, og laurdag seier altså Eirik Bakke, som frå 1. januar er Sogndal-spelar, til BA at han trur det blir ein avtale.

Står og fell på Hansen

– Eg håpar og reknar med at det går i orden. Dette blir veldig bra både for Cato og Brann, seier Bakke til avisa.

Det er nemleg Cato Hansen det heile står og fell på. Brann er alt samde med Sogndal-målvakt Piotr Leciejewski om vilkåra for ein overgang. Også Udjus skal ha komme til semje om ny løn i Sogndal.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Eirik Bakke

STERK I TRUA: Eirik Bakke som sjølv går frå Brann til moderklubben Sogndal, kjenner seg trygg på at Cato Hansen og Kenneth Udjus følgjer samme veg.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Berre halve lønna i Sogndal

Ifølgje BA er det Hansen si gode løn i Brann som har gjort det heile komplisert. Spissen har ei årslønn på rundt 800.000 kroner og har to år igjen av kontrakten med Bergens-klubben. Og Sogndal køyrer ein langt strammare lønnspolitikk.

Etter det BA kjenner til skal Sogndal vere villige til å betale halvparten, og Hansen og hans agent Jim Solbakken har stått steilt på at spissen ikkje kan godta å tape pengar. Spørsmålet blir dermed om Brann er villige til å betale kompensasjon for lønnsnedgangen han vil få i Sogndal.

Sogndal-spel eller benken i Brann

– I slike saker går det ofte litt tid så blir ein samde. Eg skjønar jo Cato også, men han tenker nok til sjuande og sist på det sportslege. Viss ikkje kunne han berre vore i Brann. Når alle partar vil, ser eg ingen grunn til at det ikkje skal ordne seg, seier Eirik Bakke.

Han trur Cato Hansen, som har slite benken for Brann, forblir ute i kulden på Stadion, dersom overganen ikkje blir noko av.

Ps. Sogndal har ommøblert på spelarane sine draktnummer. Her kan du sjå kva tal dei ulike spelarane skal ha i eliteserien.