Hopp til innhold

Bakke og Furebotn klare for godset

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Eirik Bakke og Henrik Furebotn har rista av seg skadene og stiller i Sogndal sin sesongpremiere mot Strømsgodset.

Kampen i dag er Sogndal sin første tippeligakamp på sju år. Det nyopprykka laget møter Strømsgodet på Marienlyst stadion i Drammen klokka 18.

På nettsida til NRK.no kan du følgje den spennande kampen minutt for minutt.

Det har vore svært tvilsomt om Sogndal sine to førsteval på den sentrale midtbana ville bli klare til Sogndal sin retur til Eliteserien.

Overtråkk og ryggskade

Henrik Furebotn

KLAR: Henrik Furebotn fekk skade i ryggen førre helg, men er klar for kamp i dag.

Foto: Arve Uglum / NRK

Kaptein Eirik Bakke fekk eit stygt overtråkk på trening torsdag og har ikkje trent sidan. Henrik Furebotn fekk ein skade i ryggen under treningskampen mot Løv-Ham førre helg.

Han prøvde å vere med på trening torsdag, men måtte gje seg etter kort tid og var svært pessimistisk med tanke på dagens kamp.

– Akkurat no reknar eg sjansane mine for å bli klar til rundt 25 prosent, sa han på fredag.

Elvis på benken

Då lagoppstillinga før Strømsgodset-kampen vart sleppt i dag var likevel begge dei to på plass, etter testing tidlegare på dagen.

- Dei hadde ikkje spelt kampen, om dei ikkje hadde vore heilt skadefrie, seier naprapat Kim Are Jacobsen til NRK.no ein halvtime før kampstart.

Laget før Sogndal sin første eliteseriekamp sidan 2004 er som følgjer.

Joe Bendik – Isak Scheel, Even Hovland, Gustav Valsvik, Per Egil Flo – Ole Jørgen Halvorsen, Eirik Bakke, Henrik Furebotn, Barry Kader – Espen Olsen, Cato Hansen.

Spelarar som Ahyee Aye Elvis og Ulrik Flo er dermed henviste til innbytarbenken.