Bakke må teste halve laget før kampen

Eirik Bakke har fem-seks småskadde spelarar før dagens møte med poenglause Nest-Sotra. – Vi må ha kampane torsdag og søndag i tankane også, seier han.

Helge Haugen og Eirik Bakke

TESTAR: Fleire spelarar er usikre framfor møtet med botnlaget Nest-Sotra på bortebane.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Keeper Christian Sukke, Eirik Bergum Skaasheim, Ulrik Flo, Victor Grodås og Petter Strand må alle testast før dei eventuelt får grønt lys mot Nest-Sotra.

Uvisse er også Taijo Teniste og Robin Shroot som begge er tilbake etter skade.

– Det er typisk med eit tøft kampprogram. Vi likar mange kampar, men det betyr også belastning på kroppen, litt småskadar og nokon som må kvile, seier manager Eirik Bakke.

Stolar på troppen

Sogndal er inne i ein periode med ni kampar på under ein månad. Det opnar for rullering i laget for å unngå unødvendig slitasje på spelargruppa.

– Spelarar som ikkje er 100 prosent, får heller stå over ein kamp så vi har eit lag som orkar mykje heile tida. Måten vi spelar på krev spelarar som har energien heile tida, seier Bakke og legg til:

– Eg har ein bra tropp, og den stolar eg på. No er tida for å bruke den.

Shroot og Teniste tilbake

Taijo Teniste

I TROPPEN: Taijo Teniste er tilbake i Sogndal-troppen mot Nest-Sotra.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ute er Mathias Dyngeland, Kristoffer Ryland og Ruben Holsæter.

I spelarbussen som laurdag reiste frå Sogndal til Ågotnes sat Shroot og Teniste. Begge tilbake etter skade.

– Robbing og Taijo er viktige å ha i gang att. Mahatma Otoo kom i gang med cupkampen mot Lysekloster, så vi har mange som melder seg på no, seier han.

Sju av ni poeng

Sogndal har fått ein god start på årets sesong, med sju poeng frå dei tre første kampane. Det same kan ikkje seiast om Nest-Sotra, som har til gode å ta poeng.

Robin Shroot passerer Anders Nedrebø

TILBAKE: Robin Shroot debuterte med scoring mot Bærum. Mest truleg får Robin og Taijo nokre treningar til, så er dei med å kjempe om startplass på torsdag, seier trenar Eirik Bakke.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Det betyr ikkje at Sogndal kan sleppe seg nedpå. I vinter tapte dei 2–3 i treningskampen i Sognahallen.

– Det er fort å undervurdere lag som har tapt og sjølvtilliten deira er nok ikkje på topp. Men Nest-Sotra er det sterkaste av bergenslaga om ein ser vekk frå Brann. Eg tykkjer dei har fått lite betalt frå kampane sine til no, seier Bakke.

Lite finspel

Han ventar lite finspel, men mykje stillingskrig, på ei regntung grasmatte på Ågotnes.

– Det er eit hardtarbeidande lag med veldig engasjement. Dei har ingen individuelle stjerner, men er veldig gode på det kollektive. Der meiner eg vi har meir enn nok kvalitetar til å matche dei, avsluttar Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..