Bakke legg fotballskoa på hylla

Etter 20 år som fotballspelar på øvste nivå, har Eirik Bakke (35) bestemt seg for å gi seg som fotballspelar.

Bakke står med 213 kampar i Sogndal-trøya, men har bestemt seg for at det er får halde.

Overfor NRK.no gjekk 35-åringen langt i å stadfeste at han vel å leggje fotballskoa på hylla etter sesongavslutninga mot Brann.

– Eg føler kroppen er bra, og eg kunne sikkert pint ut eit par år til, men eg føler eg har strekt det ganske langt. Det er ei tid for alt, seier Bakke.

– Og når Ivers (Steffen Iversen, red. anm.) la opp, så tenkte eg at eg også kunne gi meg, humrar han.

45 millionar

Eirik Bakke

SLUTT: Eirik Bakke har bestemt seg for å setje punktum på ei 20 år lang fotballkarriere.

Foto: Arve Uglum / NRK

Bakke debuterte allereie i 1993 for Sogndal og vart i 1999 seld til engelske Leeds for 45 millionar kroner. Her opplevde han både den økonomiske og sportslege oppturen i klubben, med mellom anna semifinale i meisterligaen.

Han var innom Aston Villa på lån og hamna etter sju år i England hos Brann der han fekk både seriegull og kapteinsbind. I 2011 var sirkelen slutta og Bakke var attende på Fosshaugane.

– Eg føler at tida er inne for å gjere noko nytt og overlate skuta til nokre andre. Eg ser fram til å vere heime med familien i helgane og å følgje opp borna, seier han.

– Klarer ikkje gi seg heilt

Ifølgje ei pressemelding frå Sogndal Fotball vil Bakke tre inn i klubben sitt sportslege apparat frå 2013. Klubben vil kome tilbake med meir utfyllande informasjon om dette komande veke.

Klubbleiar Egil Mundal seier klubben er særs privilegerte som får dra nytte av dei erfaringane som Bakke og andre bidreg med i og rundt laget.

– Eg har vore i dialog med klubben siste halvåret. Greier ikkje heilt å gi meg her. Det blir vanskeleg med eit liv utan fotball, seier han når NRK.no møter han på trening med sonen.

– Mange høgdepunkt

Etter 20 år som fotballspelar på toppnivå, har minneboka til 35-åringen vakse seg stor og innhaldsrik. Han har spelt med flagget på brystet både på U21 og A-landslaget.

Den siste av 27 A-landskampar spelte Bakke i 2008.

– Det er mange høgdepunkt. Eg har vore heldig som har fått halde på med fotball i nesten 20 år. Det vart seriemeisterskap med Brann, Champions League, EM, Premier League, opprykk, nedrykk og halde eliteserieplassen med Sogndal. Du hugsar som regel det siste og det var ei utruleg god kjensle å halde seg i helga, seier Bakke.

I faren sine fotspor

– Det er mange opplevingar eg kan mimre godt om når ungane blir eldre, og gjerne dei får born. Men eg er eigentleg ikkje så oppteken av det. Eg er meir oppteken av å sjå framover, og at vi får opp nye typar som kan ta steget ut, held Bakke fram.

– Far din, Svein Bakke, tok steget frå spelar til å bli ein markant leiar. Er det noko du kan tenkje deg sjølv?

– Eg håpar å kunne medverke med det eg har opplevd, og setje mitt preg på gjengen som er her og setje preg på ungdomsfotballen. Eg er oppteken av å få fram nye typar som kan ta steget ut. Det gror godt i Sogndal og vi må våge å sjå i eigne rekkjer.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.