Hopp til innhold

Bakke kunne smile etter siger i trenardebuten

Eirik Bakke gav mange nye fjes tilliten i sin første kamp som sjef for Sogndal. Det var likevel nok til å slå motstandarane frå Florø 1–0.

Siger i debuten

SMILTE BREITT: Ikkje alt sat som det skulle i sesongens første treningskamp, men sogndaltrenar Eirik Bakke var likevel godt nøgd etter 1–0 sigeren i trenardebuten.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er godt å komme i gong. Mest for spelarane trur eg det er godt å få spelt den første kampen på stor bane, seier ein nøgd Bakke etter kampen.

Eit stort publikum hadde møtt fram i Sognehallen for å få med seg årets første treningskamp, ein kamp som Tim Nilsen avgjorde på straffe etter berre eit kvarter. Det meste handla likevel om alle prøvespelarane som skulle sjansen til å vise seg fram for det nye trenarteamet.

Unggutane imponerte

I første omgang stilte Sogndal med fleire av sine mest rutinerte spelarar. Likevel hadde Bakke funne plass til to unggutar på kvar av kantane, Simen Lefdal (16) frå Eid og Edin Øy (17) frå Årdal.

Stor interesse for sesongpremieren

STOR INTERESSE: Til å vere ein treningskamp tidleg i sesongen var det imponerande mange som hadde funne vegen til tribunen i Sognehallen i kveld.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Også prøvespelaren Emmanuel Okine (22) fekk sjansen frå start i midtforsvaret, og i andre omgang kom i tur og orden Jacob Storevik, Martin Trøen, Simen Brekkhus, Nicklas Sjølie Af Geijerstam, Vegard Savland, Kenneth Skjerven, Fredrik Flo og Sigmund Årdal Myhre på bana.

– Eg er veldig imponert over unggutane som kjem inn og veldig fornøgd med at dei viser seg bra fram. Det er mange som kjem til å få sjansen framover, så det lovar godt, seier han.

– Han har ei stor framtid

Ein av dei som synte fine takter i første omgang var Simen Lefdal (16) frå Eid, med både dribleraid og sikkert pasningsspel. Trenar Eirik Bakke er imponert.

– Han er eit spesielt talent, som vi har lyst til å sjå meir av i sogndalstrøya. Han viser til tider ting som ingen andre i den hallen her gjer etter han, og han er berre 16 år. Han er ein fantastisk gut og han jobbar hardt i kampane òg, det er ikkje berre det tekniske. Han har ei stor framtid, seier Bakke.

Sogndal er ute etter å forsterke stallen i jaget etter opprykk, noko som forklarer den store pågangen av prøvespelarar og hospitantar. Men den unge eidaren er ikkje blant dei som har det travlast med å sikre ein kontrakt før sesongen startar.

– Først og fremst håpar eg å få vere med å trene fleire gonger. Så får eg sjå til hausten om eg kjem hit, eller kva som skjer. Det får tida vise, seier ungguten.

Simen Lefdal (16) viste gode takter

TALENT: Simen Lefdal (16) frå Eid fekk verkeleg vist seg fram i sogndalstrøya i kveld. Han er ein av fleire lokale talent som har fått hospitere med Sogndal denne veka.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Fleire av dei etablerte stod over

Den skotske trenaren Ian McParland fekk også sin debut på sidelinja i kveld, og markerte seg med tydelege beskjedar til spelarane kampen igjennom.

Fleire av dei antatt beste spelarane var ikkje med. Bjørn Inge Utvik, Robin Shroot, Hannu Patronen, Babacar Sarr og Mahatma Otoo stod alle over av ulike grunnar. McParland seier det no handlar mest om å gje dei nye spelarane sjansen til å vise seg fram.

– Etter dei fire første kampane, før vi reiser til La Manga, vil vi ta troppen ned til 16–18 spelarar. Då skal vi jobbe med våre beste spelarar og korleis vi ønskjer å spele. I dag ville vi gje alle ein sjanse. Vi har to og tre gode unge spelarar, og eit par til som kanskje berre er ok. Men vi skal gje dei ein sjanse til å spele, seier McParland.

Av dei unge framhevar han spesielt innsatsen til Edin Øy, Simen Lefdal og Simen Brekkhus.

– Dei er fantastiske spelarar. Viss dei krummar nakken og jobbar hardt, kan dei nå langt, seier han.

Fekk testa ny formasjon

Edin Øy (17) frå Årdal følte sjølv han gjorde ein grei kamp på kanten.

– Eg følte eg gjorde det brukbart og er glad for at eg fekk sjansen, seier han.

Heile denne veka skal han vere med laget i trening og kamp, og han føler han har blitt teke vel imot i klubben. Han liker godt at Sogndal no satsar på å gje lokale talent ein sjanse.

– Det er ein tankegang eg likar godt og noko dei eigentleg ikkje har vore så gode på dei siste åra. Eg trur det er noko Eirik og resten av treningsteamet gjer lurt i, seier han.

For trenarteamet til Sogndal vart kampen mot Florø den første testen på korleis den nye 4-3-3 formasjonen fungerer. Bakke seier likevel at dei første kampane ikkje først og fremst handlar om å få spelet og den nye formasjonen til å sitte.

– Dei første fire kampane er me ikkje så opptekne av det. No handlar det om å komme inn i kampmodus og jobba hardt, så kjem det andre etter kvart. Det me vil ha er full innsats og viss dei ikkje gjer det for vi heller ta dei, seier han.

Edin Øy (17) får instruksar av trenaren

FEKK SJANSEN: Også Edin Øy (17) frå Årdal fekk sjansen frå start.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK