Hopp til innhold

Bakke: – Eg er ganske roleg eigentleg

I kveld er Sogndal klar for sin første kamp tilbake i det gode selskap. Stemninga i laget er spent, men mest av alt sitrar dei av iver etter å få sparke det i gong.

Eirik Bakke

GLER SEG: Sogndal-trenar Eirik Bakke og resten av laget gler seg til seriestart.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Desse startar mot Bodø/Glimt:

Mathias Dyngeland - Taijo Teniste, Hannu Patronen, Bjørn Inge Utvik, Jukka Raitala - Ole Amund Sveen, Rune Bolli Bolseth, Baba Sarr, Simen Brekkhus - Martin Ramsland, Kristian Fardal Opseth.

På benken:

Benken: Stefan Hagerup, Eirik Skaasheim, Christophe Psyché, Ruben Holsæter, Eirik Birkelund, Lars Christian Kjemhus, Gilbert Koomson.

– Eg trur vi alle gler oss til å kome i gong, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

I går sette laget seg på flyet nordover og klokka 18 i kveld ventar Bodø/Glimt på Aspmyra stadion. Det blir første kamp for Sogndal i Eliteserien sidan dei slukøyra måtte innsjå nedrykket etter tap mot Stabæk 9. november 2014.

Du kan følgje kampen i kveld spark for spark direkte her.

Laster innhold, vennligst vent..

Viktige spelarar med i troppen

Med Eirik Bakke ved roret brukte Sogndal berre éitt år på å ta seg tilbake til det beste fotballselskapet i Norge. Før årets sesong er dei dømde nord og ned, eit underdogstempel dei sjølve kan leve godt med.

Fram mot kampen i kveld førebur trenar Eirik Bakke seg som til ein kvar fotballkamp.

– Eg er ganske roleg eigentleg. Eg trur vi berre må ta krigen, spele slik vi har gjort og byggje vidare på det vi gjorde i fjor og har gjort i treningskampane, seier han til NRK.no.

Skade og sjukdom har prega spelargruppe ei tid, men dei siste dagane har ting gått stadig meir i orden. Bakke er glad for å kunne ta med seg både kaptein Rune Bolseth, Hannu Patronen og Babacar Sarr til Bodø. Laguttaket blir først klart nokre timar før kampstart.

– Det er viktige spelarar for oss å ha med når det startar, seier Bakke.

Men den ferske eliteserietrenaren må spele korta sine rett framover. Tek Sogndal seg vidare i cupen kan det i tida fram mot slutten av mai bli 17 kampar på troppen frå saftbygda. Dermed seier det seg sjølv at Bakke må tenkje på meir enn ein kamp av gongen.

– Det er ei avveging, eg vil sjølvsagt at alle skal spele, seier Sogndal-trenaren.

Supporterane vil ha meir plass til å heie på laget sitt.

POSITIVE: Supporterane i Sogndal er fulle av forventning før seriestart. Mesteparten er positive og trur laget frå saftbygda skal greie å bite godt frå seg.

Vil ha fram smilet

Heime i Sogndal har mange store forventningar til kva bygda sine store heltar kan klare i kveld. Eirik Bakke legg ikkje skjul på at det er viktig med ein god start.

– Det er så klart veldig viktig å vinne kampar tidleg i sesongen. Det såg vi i fjor. Dess fleire poeng vi får tidleg, dess betre er det.

– No er vi nyopprykka og vi er nøydde til å løfte oss nokre hakk. Vi er litt spente på kvar vi står i forhold til resten, vedgår han.

Timar før oppgjeret mot Bodø/Glimt har han trua på siger og tre poeng.

– Vi må berre gle oss til eliteseriestart. Få fram smilet og humøret, så får vi telje opp etter kampen om vi var gode nok.