– Eg var litt frustrert då vi ikkje fekk frispark så eg kasta ei flaske. Eg kasta den ikkje mot nokon så det er heilt håplaust at eg blir vist på tribunen i dag, seier Bakke.
Ifølge han sjølv skulle Sogndal hatt frispark etter eit par «hands», men fekk ikkje det. Då kokte det litt hos trenaren.
– Vanlegvis har eg god dialog med dommar og linjemann, men eg følte det var ein dårleg dialog i dag. Dei må ta seg litt i skinnet og ta det litt med eit smil. Dei må tole at det smell litt og er litt engasjement. Det var ikkje meint vondt mot nokon, seier han.
Men etter ein diskusjon med dommar og linjemann, hadde dei fått nok av den litt ivrige trenaren og sende han vekk dei siste minutta av kampen. Han skal ha vore veldig masete.
– At eg har masa heile kampen synest eg er heilt tåpeleg. Då har dei ikkje sett korleis eg er til vanleg. Men dei har sikkert ein tanke rundt det, seier Bakke.
Bomma på taktikken
Telemarkingane var tøffe i første omgang, og Sogndal greidde ikkje å komme seg igjen.
– Eg bomma med taktikken då vi spelte med den formasjonen vi gjorde. Då vi la om blei det betre. Men dette var litt min feil då, seier trenar Eirik Bakke.
Etter få minutt fekk Martin Broberg inn det første målet, og på straffe sytte Jone Samuelsen for at Odd fekk dobbel leiing berre ein halvtime ut i kampen.
Men sogningane ville ikkje gi seg, og Eirik Schulze planta eit mål ved bakarste stolpe 80 minutt ut i kampen.
Kampen gjekk sju minutt på overtid, og trenar, Eirik Bakke blei sendt til tribunen kort tid før kampen var over.
Har henta forsterkingar
Trenar Eirik Bakke sa etter tapet mot Rosenborg at dei skulle bruke ferien på å finne tilbake til eigen spelestil.
Han henta inn forsterkingar i form av to meter lange Reiss Greenidge, kantspelaren Joachim Soltvedt og venstrebacken Ole Martin Rindarøy. Dessutan vart det kjent tidlegare denne veka at Kjetil Wæhler held fram på laget ut sesongen. Men det vart ein tøff kamp for sogningane på Skagerak Arena.
Likevel er Bakke godt nøgd med dei nye tilskota.
– Dei er absolutt godkjente. Det kan jo ta litt tid å bygga opp laget med dei nye, men dei responderte veldig bra, seier Bakke.
No satsar han på å komme sterkare tilbake.
– No er vi ferdige med Rosenborg og ferdige med Odd, så no skal vi slå tilbake på heimebane, seier Bakke.