Hopp til innhold

Eirik Bakke meiner fleire slit meir enn Hopen

Eirik Bakke (34) veit om fleire fotballspelarar som har større speleproblem enn lagkamerat Ørjan Hopen (19).

Eirik Bakke og Ørjan Hopen

FÅR STØTTE: - Ørjan er ein flott fyr. No får vi håpe det går bra, seier Eirik Bakke.

Foto: Collage / NRK

Ørjan Hopen fortalde om speleavhengigheita si i onsdagens VG.

Som åtteåring testa han ut oddsen for første gong, som 10-11-åring brukte han alle sparepengane sine på spel. Sidan har det eskalert.

– Ørjan er ein av mange i fotballmiljøet som har problem med pengar grunna gambling. Eg veit om fleire, og då snakkar vi langt større summar enn det Ørjan er borti, seier Bakke til VG.

Såg at kameraten hadde det vondt

I dagens VG seier Eirik Bakke at han med ein gong skjønte kva det var.

– Han gjekk langs vegen då eg kom køyrande. Eg såg at han ikkje hadde det godt, og forstod med ein gong kva det var, seier Bakke til VG.

Den tidlegare Englands-proffen snakka lenge med Hopen, og gav klar beskjed om at 19-åringen måtte leggje alle korta på bordet ovanfor klubbleiinga. Bakke seier til VG at fleire personar tilknytt Sogndal Fotball kjende til Hopen sine speleproblem.

Bakke har erfaring frå tøffe tak

– Det var litt tilfeldig at vi treftest, men eg håpar han hadde ringt meg uansett. Han hadde hatt eit tøft møte med mora og faren. Det er tøft å få fram sanninga, seier Bakke.

Det veit han meir om enn dei fleste. I 2003 vart han teken for å fyllekøyrt i Leeds. No ber han norske klubbar ta ansvar og komme under huda på spelarane.

– Vi ser teikn på at problema blir større og større i norke, og dette må klubbane ta tak i, seier Bakke til VG.

Får støtte frå son til «Matta»

Hopen har fått massiv støtte frå fleire hald i fotballmiljøet. Blant anna sa Jesper Mathisen til Fædrelandsvennen i går at han visste om Hopens spelegalskap, og at han er glad for at Hopen har stått fram.

Start-spelaren Jesper Mathisen, som er son av Start-legenda Svein «Matta» Mathisen, har sjølv slite med spelegalskap. I boka «Pappas siste kamp» fortalde han i eitt kapittel at han tapte 154.000 kroner på éin tenniskamp.

Sjølv kom han seg ut av speleproblema, takka vere faren Svein. No håpar han Hopen får hjelp.

– Det er flott at han står fram på denne måten. Dette er ei alvorleg sak, seier Mathisen.