Regelverket seier at ein forsørgar må tene minst 167.500 kr for å få innvilga familiegjenforening. Den inntekta må dokumenterast, og slik dokumentasjon er ikkje gitt i denne saka, seier Faurén. Bakhtiari og mannen kan klage på vedtaket i UDI, og i ein slik klage vil ein slik dokumentasjon vera vesentleg.
Menneskelege omsyn
Elles kan familiegjenforening bli innvilga dersom det føreligg spesielle menneskelege omsyn. Som eksempel på dette nemner Faurén funksjonshemming og sjukdom.
Derfor kan psykiske problem – slik som advokat Anda viser til at Bakhtiari går til behandling for – vera viktige for å får UDI til å snu i klagebehandlinga.