Nynorsk mediesenter skal drive i tilknyting til NRK Sogn og Fjordane, som har lange tradisjonar for å rekruttere og lære opp nynorskbrukande journalistar.
Mediesenteret skal òg drive utoverretta kursverksemd i nynorsk og mediekunnskap, og ikkje berre vere eit senter for NRK. Nynorsk mediesenter er nemnt i Kulturmeldinga frå regjeringa Bondevik, og i lys av det som står der er Nynorsk mediesenter eit nytt tiltak i rett tid.
Vedteke i NRK-styret
Ingvild Bryn, NRK: - Kunne du tenkje deg å kysse utan di eiga tunge? Slik ville det vere å bruke bokmål for meg.
Det er styret i NRK som har vedteke at Nynorsk mediesenter skal opprettast for å ta vare på «de særlige oppgaver Førde har i forhold til nynorsk språk og kultur».
Stolt nynorsk
Visjonen for Nynorsk mediesenter er «Stolt nynorsk». Det er viktig at dei som arbeider i radio og fjernsyn er gode føredøme og ambassadørar for nynorsken.
Dyktig - frodig og framfus
Dette er dei verdiane Nynorsk mediesenter skal byggje på. Dei skal seie noko om både kva senteret vil vere, og kva som skal prege dei som arbeider og vert lærde opp der. Det skal vere kvalitet i alle ledd, slik at dyktig vert omdømet til Nynorsk mediesenter.
Godt omdøme
Skal Nynorsk mediesenter lukkast må det skaffe seg eit godt omdøme. Det kan det berre få ved at praktikantane og kurselevane held eit høgt nivå. For å oppnå det må det vere kvalitet i alle ledd, ikkje minst hjå dei tilsette og når det gjeld innhaldet i senteret.
«Munn og mæle»
Linda Eide, NRK : - For nynorskbrukarar er medfødd elefanthud å tilrå, men det kan også opparbeidast
Kurstilbodet til Nynorsk mediesenter har fått samletittelen «Munn og mæle», for å understreke målsettinga om å gje kursdeltakarane ein trygg og stødig nynorsk som gjev dei munn og mæle og meiningars mot i dei fleste samanhengar.
Ein idé i pakt med tida
Nynorsk mediesenter kan syne seg å vere ein ide i rett tid. For regjeringa legg i Kulturmeldinga si opp til at tiåret fram til 200-årsjubileet til Ivar Aasen i 2013 bør brukast til eit systematisk arbeid for å styrkje nynorsken.
Folka bak Nynorsk mediesenter
Etter at NRK-styret i januar 2003 vedtok å opprette Nynorsk mediesenter vart det på våren oppnemnt ei prosjektgruppe til å utgreie senteret nærmare. Magni Øvrebotten vart i mars 2004 tilsett som leiar for Nynorsk mediesenter.