Hopp til innhold

Bakeri gir dagsomsetnad til flyktningkrisa

– Det er vanskeleg å vere passiv tilskodar til det som skjer. Det seier medeigar i Sunnfjord-bakeri som no vil gi ein dagsomsetnad til Røde Kors si flyktninghjelp.

Dagleg leiar Martin Berntsen og styreformann og medeigar Ole John Berntsen

VIL BIDRA: Dagleg leiar Martin Berntsen og styreformann og medeigar Ole John Berntsen vil gjerne bidra til Røde Kors sitt arbeid for flyktningane.

Foto: Naustdal Dampbakeri/Bakeri.net

Styreformann Ole John Berntsen i Naustdal Dampbakeri i Førde seier dei ikkje berre kan sjå på det som skjer i Europa. Fleire hundre tusen menneske er på flukt, og det er eit stort behov for hjelp.

Engasjementet blant det norske folk har vore enormt. Då Baker og Konditorbransjens Landsforening (BKLF) oppmoda sine medlemmer til å bidra til Røde Kors sitt arbeid for flyktningane, var bakarane i Førde ikkje vanskelege å be.

– Det er vanskeleg å følgje med i media og ikkje skulle vere med å bidra. Alle som ønskjer å bidra vil gjere ein forskjell, det er eg heilt sikker på, seier Berntsen til NRK.no.

Neste onsdag heng dei opp informasjon på dei tre utsala sine i Førde om at omsetnaden blir gitt til Røde Kors. Då klesgiganten Stormberg varsla at dei gjorde det same fekk dei både hatmeldingar og truslar om boikott. Det bryr ikkje Berntsen seg med.

– Fryktar de at det same kan skje med dykk?

– Nei, det tenkjer vi ikkje på i det heile teke. Om ein skal la slike stusslege kommentarar styre korleis ein ser på verda, så hadde det blitt ein farleg plass å vere, seier han.

Han seier ein dagsomsetnad for dei er mellom 40.000 og 100.000 kroner. Styreformannen meiner det er viktig at både bedrifter og privatpersonar engasjerer seg.

– Jo fleire som er med å bidra, jo betre er det. Det viktigaste for oss er at vi er med å hjelpe.