Hopp til innhold

Bæsj flyt i naturen etter turistane: – Vi har forsømt allemannsplikten

– Vi har ikkje berre ein allemannsrett – men også ei allemannsplikt, seier dagleg leiar Elisabeth Dreyer i Destination Lofoten.

Avføring i Lodalen

PROBLEM: Med mange camparar som nyttar utmarka, blir det gjerne ein del avføring i naturen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Lofoten har dei hatt store problem med søppel, papirrestar og avføring. No opplever bygdefolket i Lodalen i Stryn det same.

For stadig fleire ynskjer å bu i telt i norsk natur, og langs Lodalsvatnet i Stryn har talet teltarar som brukar allemannsretten tatt heilt av. Men ingen har tenkt på kor teltarane skal på do.

Lodalen med telt

LODALEN: Breng sæter er eit av dei mest kjende fotopunkta i Lodalen. Men telta kjem stadig oftare i vegen, meiner fastbuande.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dermed flyt det med bæsj, dopapir og søppel i det som blir rekna som eit av dei vakraste dalføra i landet.

– Eg tykkjer det er heilt forferdeleg, det er skikkelege ruer vi ser. Det er forferdeleg uhygienisk, det er uappetittleg og skrekkeleg, fortalde grunneigar Karin Sæten.

Betre rusta denne sesongen

I fjor sommar var søppel, papirrestar og avføring ved hushjørne eit problem i Lofoten. Før årets turistsesong blei det gjort tiltak for å hindre at det same skjer igjen.

Elisabeth Dreyer, reiselivssjef i Lofoten

BETRING: Elisabeth Dreyer i Destination Lofoten seier dei er betre rusta no.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

– Den enkelte brukar av naturen har sjølv ansvaret for søpla og det dei legg frå seg. Men Lofoten har mykje besøk, med både gjestar som går i fjellet og som køyrer langs vegane. Vi opplever at Statens vegvesen har gjort ein formidabel innsats der dei har ansvar, med å setje ned store avfallskonteinere og byggje toalett som er opne heile året, seier dagleg leiar Elisabeth Dreyer i Destination Lofoten.

Også det interkommunale avfallsselskapet og fylkeskommunen har bidrege.

– I tillegg jobbar vi med eit berekraftprosjekt, slik at Lofoten blir merka som eit berekraftig reisemål og då tenkjer vi ikkje minst på det med forsøpling og korleis vi kan bidra der.

Ho seier dei har vore betre rusta denne sesongen.

– Veksten i Lofoten kom fortare enn vi har klart å dimensjonere opp ved både toalett og søppeldunkar. Dermed flyt det likevel fordi vi ikkje klarer å tømme fort nok. Men no har vi dimensjonert opp mykje. Men folk har sjølv eit ansvar for søpla si, noko dei prøver å informere turistane om.

Søppel i Lofoten

SØPPEL: Slik såg det ut i Lofoten i fjor sommar.

Foto: Kristian Breivik

Laga Lofotvett-reglar

Difor har dei laga eigne Lofotvett-reglar der dei peikar på det med eige ansvar for avfallet.

– Burde Allemannsretten vore tydelegare på dette punktet?

– Allemannsretten er ei fantastisk ordning Noreg som vi verkeleg må hegne om. Men samstundes har vi forsømt dette med allemannsplikten. Den forsvinn også i marknadsføringa, men vi har blitt veldig mykje meir bevisste på dette og prøver å få formidla både i brosjyrar og på nett.

Også leiar Leiar Marino Ask i Sogn og Fjordane Turlag vil at turistane tek ansvar når dei er i naturen.

– Vi ser at norsk friluftsliv på ein del område er under press. Anten i form av at naturverdiar blir reduserte eller at brukarane ikkje tek nødvendig ansvar for ferdselen sin.

– Kva slags rettar gir Allemannsretten for turgåarane?

– I botn ligg det at du skal ha moglegheit til å bruke utøve friluftsliv så lenge du opptrer på ein måte som er til omsyn for vilt og andre dyr og du opptrer med varsemd. Det er ikkje ein rett til å gjere kva du viil, men det er også tufta på plikter og ansvar vi må rette oss etter. Du skal forlate naturen med minst mogleg spor.