Hopp til innhold

Bærbøndene fortvilar over tilbodet

– Det vinklar mot store areal og meir lettdrivne gardar, seier ei oppgitt Kari Lysne i Sogn og Fjordane bondelag om tilbodet frå Staten til bringebærbøndene.

Kari Sigrun Lysne

SKEPTISK: Bringebærbøndene i Sogn og Fjordane fryktar for følgjene dersom tilbodet frå Staten blir gjennomført.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Sogn og Fjordane bondelag meiner bringebærbøndene i bærfylket vil tape på Staten sitt tilbod.

Regjeringa vil nemleg redusere viktige tilskot for dei som driv med bær i fylket.

– I tilbodet ligg det ein reduksjon mot bærbøndene i Sogn og Fjordane. Vi er ikkje så store, det er mindre bruk og både arealtilskot og distrikts- og kvalitetstilskotet vil bli noko redusert, seier Kari Sigrun Lysne i Sogn og Fjordane bondelag.

Må produsere stort

Fylket står for 75 prosent av landets bringebærproduksjon, men no er bærbøndene uroa over tilbodet i årets jordbruksforhandlingar.

I tilbodet er arealtilskotet på bær redusert med 300 kroner per dekar. Samstundes er distrikts- og kvalitetstilskotet redusert med 21 øre per kilo for bøndene i fjordfylket. Same tilskot er redusert med ni øre i det sentrale Austlandet og 34 øre i Nord-Norge.

Tidlegare var det også eit tak på 40 dekar areal, og 76.000 kilo distrikts- og kvalitetstilskot. Desse taka er no fjerna.

Alle desse momenta gjer det vanskeleg for bærbonden i Sogn og Fjordane å gå i null. For skal han det må han ha over 60 dekar bringebær, seie Lysne.

– Og 60 dekar bringebær er veldig mykje. Det er det ikkje mange bærbønder som har i Sogn og Fjordane, seier ho.

Vil ikkje kommentere

Produksjon av dei saftige lyseraude bæra skulle vere eit stort satsingsområde blant bærbøndene i fylket, nettopp fordi ein ikkje treng store områder for å dyrke bæra.

Regjeringa vil ikkje kommenterer enkeltsaker under forhandlingane.
Lysne seier ho er uroa over retninga tilbodet har tatt.

– Det blir mindre reduksjon austafor, i lettdrivne område, enn det vi får her. Den retninga er vi litt skeptiske for her i fylket.