Hopp til innhold

Bæra i fylket må snart få sol skal dei bli søte

Gler du deg til du finn saftige norske jordbær i butikken att? Det gjer bærprodusentane også, men då må sola snart kome.

jordbær
Foto: Arild D. Moe / NRK

Det er ikkje berre slåtten regnet stikk kjeppar i hjula for. Produsentane som driv med bær og frukt ventar også på eit vêrskifte.

– Det er ikkje krisestemning. Men vi treng varme og sol framover for å få god modning og kvalitet på bæra, seier Harald Blaaflat Mundal.

Han er dagleg leiar av Lærdal grønt, samlinga av bønder frå Lærdal som leverer halvparten av morellane produsert i Norge. Dei blir dyrka i tunnel, fordi dei toler vatn svært dårleg.

Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt

JORDBÆR: Det er inga krise for jordbæra, bringebæra eller morellane i Lærdal enda. Men det bør snart bli meir sommarleg vêr, seier Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Treng lys, varme og vatn

Frukt og bær treng lys, god temperatur og vatn for å modnast. No for tida er det i overkant mykje vatn, meiner fylkesgartnar Jon Anders Stavang.

– Med gråvêret er det mindre lys og lågare temperaturar. Det var bra i starten av mai under fruktbløminga, men så slo det om kring 17, mai, fortel Stavang.

Sjølv om det gjerne skulle vore nokre soldagar for å få modninga av bringebær og jordbær i gang, er det ikkje krise.

– Bærproduksjonen er ikkje mykje forseinka. Nokre har begynt å plukke allereie. Men det er eit problem om det blir mykje fukt i bæra når dei blir plukka. Då kan det bli meir ròte, så produsentane må fryse ned bæra i staden for.

Fryste bær blir til syltetøy, og det betalar dårlegare enn friske bær i korg.

Fylkesgartnar Jon Anders Stavang

FYLKESGARTNAR: Jon Anders Stavang sjekkar vêrmeldinga fleire gonger for dagen. Han håpar på vêrskifte for at bæra frå fylket skal bli ekstra søte.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Bærdyrkar på Vereide hadde dårleg vinter

– Vi fekk ein del frostskadar i vinter. Så her er det fyrst og fremst det som gjer at det ikkje vil bli eit toppår, seier Jon Elling Vereide.

På garden hans i Nordfjord har bærplukkarane allereie byrja å kome.

– Regnet er ikkje eit stort problem enda, bæra toler det. Men for bærplukkarane sin del vil vi gjerne ha sol, så dei skal sleppe å vente, seier Vereide.

Vêrsjuke i Lærdal

Heller ikkje i Lærdal er det krisestemning. Men det nærmar seg eit punkt der eit vêrskifte er nødvending, seier Harald Blaaflat Mundal.

– Folk byrjar å bli vêrsjuke Eg sjekkar vêrmeldinga fleire gonger for dagen, og det veit eg fleire gjer også. Det ser nok lysare ut litt lengre fram i meldingane, håpar Blaaflat.