Hopp til innhold

Badji: - Eg vil vekk frå Sogndal

Sogndal si senegalesiske midtbanestjerne Stephané Diarra Badji varslar no at han vil vekk frå Sogndal innan neste sesong startar.

Stephane Diarra Badji

FORSVINN FRÅ SOGNDAL: Stephané Diarra Badji vil spele for ein større klubb enn Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg vil ikkje spele neste sesong i Sogndal. Eg vil flytte på meg no, seier 22-åringen som kom til Sogndal for om lag eit år sidan.

Den sparsommeleg møblerte leilegheita hans fortel tydeleg at han ikkje har tenkt å bli der særleg lenge, og midtbanespelaren gir tydeleg uttrykk for at han er klar til å kome seg av garde når som helst.

– Eg har ikkje noko problem med klubben. Jonas Olsson og Håvard Flo gir meg hjelpa eg treng og eg har gode folk rundt meg. Så det er ikkje der det ligg. Men tida er inne for å kome seg vidare til ein større klubb, seier Badji.

Blir frustrert

Årsaka til at eit år i Sogndal er nok er delt i tre. Han vil spele på eit høgare sportsleg nivå, tene meir pengar og spela ein annan type fotball. Sogndal sin defensive tankegang plagar han.

– Eg blir frustrert av det og vil til ein klubb som held på ballen meir, seier han.

I løpet av tida i Sogndal har Badji levert ei lang rekke sterke opptredener i eliteserien, debutert for seniorlandslaget og spelt ol-fotball i England. Ifølgje Sogn Avis har fleire utanlandske toppklubbar vist interesse, blant dei den franske toppklubben Rennes. Badji legg ikkje skjul på at Frankrike fristar.

– Men også gode norske klubbar. Molde spelar fin fotball, det gjer Rosenborg og Strømsgodset også. Tromsø prøver, seier han.

Veit ikkje når dei sel Badji

Håvard Flo

MÅ IKKJE SELJE: Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, seier dei ikkje veit når Badji blir seld.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal betalte i overkant av ein million kroner for Badji, og han har kontrakt fram til 2014. Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, seier dei dermed ikkje må selje spelaren no, om ikkje misnøya hans blir for sterk.

– Det kan godt vere at Stephan blir seld i løpet av vinteren. Slikt veit ein aldri, seier Flo, som likevel håpar dei klarar å halde på han ei stund til. Spesielt med tanke på at ingen klubbar har vendt seg direkte til Sogndal enno.

– Han har hatt stor innverknad og spelt masse det året han har vore hjå oss. Mange har vorte merksame på Stephane og det han står for i dag. Men han enormt mykje meir inne, så eg trur at dersom han har litt meir is i magen og tek seg eit år eller eit halvår til vil det vere bra for, seier Flo.