NRK Meny
Normal

Badji kopla til rumensk fotball

Ein rumensk nettstad skriv at midtbanespelaren Stephane Badji på Sogndal skal vere aktuell for Dinamo Bucuresti i Romania.

Stephane Badji
Foto: Rune Sjøberg

Det er den rumenske sportsnettstaden gsp.ro som skriv at Badji skal gå til Dinamo Bucuresti etter at han har spela for Senegal i OL i London.

Den 22 år gamle senegalesiske midtbanespelaren skal ifylgje nettstaden ha valt Dinamo Bucuresti for å få spele europacupkampar.

Nettstaden meiner å vite at Badji skal koste Dinamo 250.000 euro, dvs i underkant av to millionar kroner.

Ukjent for Sogndal og agenten

Men dette er heilt ukjent for leiinga i Sogndal Fotball. Dagleg leiar Egil B. Mundal seier ingen i klubben kjenner til at Badji skal vere på veg vekk.

Mundal har og vore i kontakt med agenten til Badji.

– Dette er også ukjent for agenten, så dette må vere rein spekulasjon.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser