NRK Meny
Normal

Feiringa er i gang i Florø - badenymfene lever opp til namnet

I Florø er feiringa av 17. mai i gang. Badenymfene tok seg like gjerne ein pause frå toget for å gjere som dei plar gjere.

Badenymfene

KLARE: Badenymfene har vorte ei artig innslag i Florø, og i 17. mai-toget var dei klare for eit bad.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Badenymfene i Florø har drive med heilårsbading sidan mai 2011.

– Vi er ein kvikk og litt sprø gjeng som får energikick av å bade i det kalde vatnet. Vi kastar oss i vatnet og tek nokre symjetak før vi varmar oss på land, har Wenche Gulestø Hermansen tidlegare sagt til NRK.

Måtte sjølv kaste seg på Facebook-trenden

Då badefarsotta gjekk over landet for eit par veker sidan, var badenymfene skuffa over å ikkje verte utfordra. Men dei tok like greitt saka i eigne hender, og utfordra etterpå 17. mai-komiteen til å bade.

Leiar i komiteen, Roald Leivestad, tok utfordringa. I ei litt uvanleg vending, utfordra han badenymfene til å stille i toget som gjekk klokka 07.00 i Florø.

Det gjorde dei, men tok altså ein pause halvvegs, for å bade ved Horne Brygge.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Her badar nymfene som ein del av Facebook-hysteriet. Foto/redigering: Truls Kleiven

Sundagar og andre raude dagar

Badenymfene held på med heilårsbading også fordi dei vil gjere noko kjekt i lag.

– Eg trur vi får god helse av å isbade. Vi held oss friske. Eg har drive med isbading i mange år og hugsar ikkje sist eg var sjuk, sa Hermansen til NRK.

Vanlegvis badar dei kvar søndag, men namnet på vekedagen betyr lite når dagen er raud.

Dei har tidlegare uttalt at dei likar godt å bade både nyttårsaftan, pinse, julaftan og andre spesielle dagar. Og no var det altså 17. mai som stod for tur.

Heilt sidan mai 2011 har Badenymfene i Florø bada i sjøen ein gong i veka. Og i år var det for tredje gong på nyttårsaftan. Med ein heller mild desember, var temperaturane i dag til å leve med.

Badenymfene badar førre nyttårsaftan. Foto/redigering: Truls Kleiven

Badenymfene

ANNLEIS: Badenymfene var ikkje vanskelege å få auge på i morgontoget i Florø.

Foto: Truls Kleiven / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser