Hopp til innhold

Sjå korleis dei kosa seg i den fantastiske solnedgangen

Amanda, Amalie og Teodora var berre tre av svært mange som i går kveld bada i Refvika medan den evige sommarsola gjekk ned i vest.

Refvika / refviksanden

VAKKERT: Amanda, Teodora og Amalie på veg ut i sjøen på Refviksanden for å bade i takt med solnedgangen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Strendene langs kysten og fjordane har vore tett befolka den siste veka, og Refviksanden i Vågsøy er ikkje noko unntak.

Seint i går kveld var det framleis om lag 100 badande på stranda - og alle venta på det same. Ein heilt magisk solnedgang.

– Eg er her fordi eg har lyst å bade å få med meg solnedgangen. Eg kan ikkje hugse sist eg har bada så seint, fortel Amalie Apneset og smiler.

Saman med venninnene Amanda Myre og Teodora Flåten Refsnes har dei vore på Refviksanden kvar dag den siste veka, jamvel fleire gonger kvar dag.

– Det var veldig deilig å bade, og vi håpar at dette veret held seg lenge. Dette er jo nesten som å reise ned til syden, meiner jentene.

Refviksanden

BADENYMFER: Amanda, Amalie og Teodoar nyter livet på Refviksanden.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Instagram Sogn og Fjordane
Laster innhold, vennligst vent..