Med nær 20 grader i fjorden står badelystne i kø langs fjordane og kysten. Når gradestokken ute bikkar 30 grader, sviktar badegjestene dei mange badelanda.
Mor og dotter har tre basseng for seg sjølve ved badelandet Havhesten i Florø.
– Vi er Sunnmøringar veit du, vi får mest plass for pengane når det er så fint ute, spøker Lillian Flem Fylling.
Men ho og dottera koser seg inne.
– Det er eigentleg litt herleg. Det er no like varmt inne som ute, så det spelar ikkje noko rolle.
- LES OGSÅ: Nyt du finvêret - send sumarbileta dine til oss
- LES OGSÅ: Tropenatt fleire stader - og det fine vêret held fram
– Inne? Nei, nei, nei!
Badegjestene ved Sørstranda i Florø, let seg derimot ikkje lokke innandørs med det første.
– Vurderte de å bade inne i dag?
– Nei, seier Frida Sandvik og Lisa Svendsen i kor, og med godt trykk på ordet.
– Nei, herregud. Nei, nei, nei, gjentek Svendsen. Det er jo så fint vêr, kvifor vere inne?
Heller ikkje Idar Wallumsrød ved Sørstranda har vurdert det.
– Nei, overhovudet ikkje. Det er altfor fint vêr ute til å vere inne i dag. Det er jo sikkert 20 grader i vatnet her, så ingen grunn til å klage!
Badelanda merkar det økonomisk
Dagleg leiar ved Havhesten, Mette Gundersen, hadde vore heilt åleine dersom det ikkje var for dei to sunnmøringane.
– Som du kan sjå er det ikkje no det er mest folk her, dei vel heilt sikkert å bade ute, seier ho med eit tomt badeland bak seg.
Og det merkar dei når dei skal telje gjennom kassaapparatet.
– Reint økonomisk er det klart vi merkar det. I fjor hadde vi veldig mykje folk i juli. Det var vel faktisk ny rekord.
Tendensen er den same hjå Lustrabadet i Sogn.
– Det er ikkje til å stikke under ein stol at det har vore labert. Men me har nokre faste symjarar som plar kome for å symje sine 1000–2000 meter. Så det er no positivt, seier Siv Merete Marås, teknisk leiar ved Lustrabadet.
– Me vil ha fleire av dei!
Gode tider for dei som er inne også
Dei få som vel å gå mot straumen, og held seg innandørs, er svært godt nøgde med valet dei har gjort.
For Martin Lysåker Bergersen som badar inne ved Lustrabadet er det ingen trengsel i bassenga.
– Det er ein av dei beste stadane eg har bada eigentleg, fordi eg likar å skli i vass-sklie. Og eg likar å bade!
Og for fireåringen som skal lære å symje er det kanskje greitt med god plass.
– Eg synest det er herleg å bade her. Og så klarar eg å symje bakover heilt til eg krasjar, fortel Astrid Lise Flem Fylling.