Hopp til innhold

Her badar dei som aldri før

Folk strøymer til badeanlegga i fylket som aldri før. Både Havhesten, Lustrabadet og badeanlegget i Høyanger flotte besøkstal å syne til.

Badeanlegg i Luster, Høyanger og Florø

BADAR I VEG: Ved f.v. Lustrabadet, Høyangerbadet og Havhesten i Florø strøymer folk til som aldri før.

Foto: Birger Meland/Heidi Lise Bakke/Kjell Arvid Stølen / NRK

I Florø har Havhesten så langt teke i mot over 4.000 fleire gjester enn på same tid i fjor.

Med over 27.000 gjester i år er besøkstalet langt over det dagleg leiar Nina Gudevang ved nyopna Lustrabadet hadde venta.

– Eg trur det er større badelyst enn vi hadde venta. Vi hadde ikkje tort å håpe at det skulle gå så bra som dette, seier dagleg leiar ved Lustrabadet, Nina Gudevang.

Trur besøkstalet vil stabilisere seg

Gudevang har sidan opningsdagen i fjor haust har hatt 40.000 plaskande gjester innom badeanlegget Lustrabadet. Dei budsjetterte med 45.000 gjester, men har så langt i år teke imot 27.500.

– Det er mange som er nysgjerrige på anlegget no i byrjinga, så besøkstalet vil truleg stabilisere seg på eit litt lågare nivå i framtida, trur Gudevang.

I Florø er Mette Gundersen spent på korleis prøveåret med lik opningstid året gjennom vil slå ut på besøkstala. Allereie peikar pila oppover også her. 31.000 gjester på årets seks første månader er over 4.000 fleire enn ved same periode i fjor.

– Vi har veldig mange barnefamiliar innom. Men vi har også mange individuelle som er glade i å trene og er veldig flinke til å kombinere treningsrom med det å symje anten før eller etterpå. Vi har også ein auke av godt vaksne, noko som gjer til at dagen på ein måte er meir fylt opp enn kva det var tidlegare, seier Gundersen.

Eit viktig trivselstiltak

Det har ikkje lukkast NRK å få tala frå Trivselsbadet på Sandane. I Høyanger hadde dei 55.000 plaskande på besøk i fjor.

Tidlegare ordførar i industrikommunen, Kjartan Longva, meiner at vedtaket om å erstatte det falleferdige badeanlegget med eit flunkande nytt for nokre år tilbake – er det viktigaste trivselsvedtaket han har vore med på som ordførar.

– Det er veldig triveleg når ein får eit nytt anlegg som gjer til at ein også får opna utebassenget att sommarstid, så er det klart at det er ein fin plass å vere, samt at ein også klarar å halde prisane på eit nivå slik at ein ikkje flår folk, seier Longva.