Hopp til innhold

Både han og vegvesenet vil ha rassikring her

Norvald Erdal har gong på gong funne steinar på riksveg 5 ved Erdal mellom Førde og Naustdal. No meiner Statens vegvesen at det er på tide å rassikre vegstrekninga.

Norvald Erdal - Erdal rasområde riksveg 5

MEIR OG MEIR: Norvald Erdal bur i Erdal og ser stadig steinar trille nedover fjellskjeringa. Han meiner det har blitt mykje meir ras dei seinare åra.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Frå garden sin i Erdal i Førde ha Norvald Erdal panoramautsikt til rasområdet. Seinast i førre veke var vegen stengt to gonger på grunn av ras og rasfare.

– Det går jamleg ras. Langs strekningen er det mykje ur som stoppar småsteinen, men frå oppkøyringa til Hesjedalen og 100–150 meter innover, der er det ikkje mykje ur, og der er det steinane kjem trillande heilt ned, seier han.

Kjem oftare og oftare

Norvald Erdal

VIL HA SIKRING: Norvald Erdal meiner den beste løysinga for Erdal er å få på plass sikringsnett.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er ikkje få gonger han har plukka steinar ut av vegen, og rasa har kome oftare og oftare.

– Tidlegare var det ikkje skog der for geiter heldt den nede, men no trur eg det blir meir og meir steinras når det bles fordi trea røskar i dei, seier Erdal.

Han meiner det er på tide å få sikra det rasfarlege området, sjølv om det stort sett er mindre stein som kjem ned.

– Ein stein på storleik med ein knyttneve er stor nok til å føre til alvorlege konsekvensar.

Har meldt frå om behovet

Hos Statens vegvesen fortel avdelingsdirektør Svenn Egil Finden at dei har vegen under oppsyn, særleg når det er dårleg vêr.

Svenn Egil Finden

STORT BEHOV: Det er behov for rassikring både på riksveg 5 og E39, strekningar der det har gått ras den siste tida, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Foto: Statens vegvesen

– Spesielt når det er mykje vind så veit vi at ein del større tre oppi lier kan vere med på å røske opp stein som kan komme ned, seier han.

Over lenger tid har vegvesenet i samråd med geologar vurdert strekningen, og dei har no spelt inn behovet for mellom anna sikringsnett til Nasjonal transportplan.

– Det gjeld både på isnett, sikring, vegetasjonsrydding. Så får vi håpe på at det kjem midlar på eit tidspunkt som gjer at vi kan gjere utbetringar, seier Finden.

Også store behov på E39

Men kor fort dette kan skje har han ikkje eit konkret svar på.

– No er dette spelt inn til Nasjonal transportplan som naudsynte midlar, og då må vi vente på handsaming.

Samstundes ventar Finden spent på at framlegget til Nasjonal transportplan for 2018 til 2029 skal leggjast fram. Då er det store spørsmål om rasutsette Avenbukta på E39 mellom Lavik og Vadheim kjem med der.

Fredag gjekk det også ras ved Dregebø på E39 mellom Sande og Vadheim. Dette raset kom på ein uventa stad og vegvesenet ventar på den heile geologiske rapporten før dei kan vurdere farenivået her.

Erdal rasfarleg område riksveg 5 Førde - Naustdal

RASFARLEG: Riksveg 5 ved Erdal mellom Førde og Naustdal har fleire gonger blitt stengt på grunn av ras og rasfare. Det kjem stadig ned stein i vegen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK