Hopp til innhold

Badar om vinteren - no er det for kaldt!

Sjølv isbadarar vegrar seg for å bade i sommar. Det er rett og slett for kaldt i vatnet!

Inger Lise Strand

FREISTAR IKKJE: Vinterbadaren Inger Lise Strand har ikkje bada i sommar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Mykje smeltevatn etter den snørike vinteren gjer at sjøen inne i fjordane er spesielt kald i sommar.

På Nordfjordeid har det også vore lite badeaktivitet. Tysdag var det ikkje eit menneske å sjå på badeplassane, og det har ikkje vore mange som har våga seg uti dagane i førevegen heller.

Inger Lise Strand er av dei som likar å bade, men i sommar har ho halde seg på land.

– Eg badar om vinteren, men eg slutta 1. juni, og sidan har eg ikkje bada, for å vere heilt ærleg. Eg har ikkje hatt lyst til å bade. Det er kald vind, det er vått. Det var ikkje slik i vinter. Det er betre å bade om vinteren.

– Det er då ikkje sommar

Ho er med i ein klubb som møtest ein gong i veka i vinterhalvåret og badar. Og det var noko heilt anna, seier ho.

– Det var fantastisk deilig. Der vi gjekk uti hadde vi eit tak vi kunne stå under når vi kom på land att. Men skal det freiste å bade no må det vere sommar. Og det er då ikkje nokon sommar dette. Det har vore mykje kald vind, det er ekkelt.

Varmt nede i havet, kaldt i overflata

Og forskingsleiar Svein Sundby ved Havforskingsinstituttet i Bergen kan stadfeste at sjøtemperaturen ikkje innbyr til bading.

– Dei som badar har rett. For det vi kallar fjordvatnet og kystvatnet er kaldt. Men dei store vassmassane ute i havet er mykje varmare enn normalt. Den tynne filmen oppe mot vasskorpa er meir påverka av det lokale vêret enn av havtemperaturen.

Denne tynne filmen kan vere heilt ned i to-tre meter t.d. ved utløpet av Lærdalselvi, midtfjords kan det vere snakk om 10 meter. Havforskingsinstituttet har ein målestasjon i Sognesjøen, ytst i Sognefjorden. Den viser at temperaturen i overflata er godt under normalen, lenger nede er det vesentleg varmare enn det som tidlegare var normalt.

Svein Sundby, forskningsleder Havforskningsinstituttet

– KALDT I OVERFLATA: Forskingsleiar Svein Sundby ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Barbro Andersen / NRK

Sein og langvarig snøsmelting

For i Golfstraumen som kjem over frå Mexicogulfen er vatnet ein god del varmare enn det som har vore normalt dei siste 30-40 åra. Når det trass i dette er svært kaldt vatn der folk likar å bade, så kjem det av lokale tilhøve, seier Sundby.

– Vi har hatt ein kald vår der snøsmeltinga kom seint i gang. Snøsmeltinga som skulle ha kome i mai kom i juni og juli, det iskalde vatnet kjem rett ut i sjøen, og sola får ikkje tid til å varme det opp.

Og når temperaturen i lufta heller ikkje er den heilt store, og sola ikkje slepp for ofte gjennom skydekket, seier det seg sjølv at temperaturen i overflatevatnet ikkje kan bli den heilt store.

Spørsmålet om korleis det vil utvikle seg framover overlet Svein Sundby til meteorologane.

– Men det er framleis mykje snø som skal smeltast, og det tilseier at vi får forseinka sommaroppvarminga av sjøen.