Hopp til innhold

Bad helseministeren gi klarsignal

– Det er greitt å leggje ned føde og ortopeditilboda ved lokalsjukehusa.

Jorunn Eide Kirketeig

TALTE FOR OMLEGGING: Jorunn Eide Kirketeig bad statsråden seie ja til sjukehusendringane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det sa Ap-politikar Jorunn Eide Kirketeig då ho saman med ein Ap-delegasjon frå fylket møtte helseministeren i Oslo torsdag.

Det omstridde vedtaket frå Helse Vest har stor støtte i dei folkerike områda av Sogn og Fjordane fortalde Eide Kirketeig til ministeren.

LES OGSÅ: Ingen lovnader frå helseministeren

Fronta ulike syn

Ein delegasjon på åtte personar frå Sogn og Fjordane Arbeidarparti og dei fire vertskommunane som husar Helse Førde sine somatiske spesialhelsetenester, Eid, Førde, Florø og Lærdal (representert av Årdal) var til stades på møtet.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

FEKK HØYRE ULIKE SYN: Mens nordfjordingane og indresogningane fremja sitt syn, fekk helseministeren høyre eit anna frå Sunnfjord.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Mens utsendingane frå Indre Sogn og Nordfjord nytta høve til å kjempe imot dei vedtekne sjukehusomleggingane som omfattar avvikling av føde- og ortopeditilbodet i Lærdal og Eid, nytta Eide Kirketeig høvet til å understreke at dette slett ikkje er folkeviljen alle stader.

Vi ha omlegging - no

– No er det slik at det er ingen lokalsjukehus som skal leggjast ned. Det er endring av innhald. Det er her vi har litt ulike syn på, det må vi ha respekt for. Det er slik at nokon treng meir tid før ein aksepterer omlegging med nytt innhald. Desse bodskapa skal vi lytte til, seier fylkestingsrepresentanten som også er Ap sin gruppeleiar i Førde bystyre.

Ho meiner den nye sjukehusmodellen som styret i Helse Vest i førre veke vedtok, og som det er opp til helseministeren å velsigne, er framtidsretta.

– Vi er klar for at det kan gjerast, dei tiltaka som ein har komme fram til. Vi trur det samla sett vil gi innbyggjarane i fylket vårt betre helsetenester.

– Ho lytta og resisterte usemja

– Korleis trur du helseministeren oppfatta dei mange ulike syna som vart framført e på møtet?

– Eg registrerte at helseministeren lytta til oss. Eg trur nok ho oppfatta oss samla på dei punkta at vi vil ha eit sterkt sentralsjukehus og at vi har tillit til at det framleis skal vere lokalsjukehus. Og så registrerte ho nok heilt sikkert ulikskapen som går på at nokre av oss vil er klar for omlegginga, mens andre ønskjer at ein skal gå ein runde til, og kanskje utsette, seier Eide Kirketeig til NRK.

Ho ønskjer at det ho oppfattar som ei naudsynt omlegging blir gjort no.

– Vi vil ikkje vente. Vi har ikkje lyst å vente lenger på den utviklinga som vi ser det kan vere med modellen, seier Jorunn Eide Kirketeig.