Hopp til innhold

Azar senka gamle lagkameratar - dramaet held fram til siste kamp

BRANN - SOGNDAL 2-1 (NRK.no): Kven andre enn Azar Karadas vart tunga på vektskåla i skjebnekampen mellom Brann og Sogndal...: No lever spenninga i nedrykksdramaet til siste serierunde!

Karadas og Teniste i duell

TETTE DUELLAR: Azar Karadas og Taijo Teniste i ein av mange tøffe duellar på Brann stadion.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Med si avgjerande scoring sytte Azar Karadas for at alle dei viktige poenga vart igjen i Bergen. Eidaren med fortid i Sogndal dukka opp på bakerste stolpe, sette ballen i mål og jubla vilt framfor Bataljonen og dei 17.686 tilskodarane på Brann stadion.

Det betyr at ingenting er avgjort i botnstriden i eliteserien. Sogndal kunne ha sikra seg kvalikplassen med siger, men ligg no bak Brann på tabellen - og må ha hjelp av andre lag i tillegg til at dei må vinne siste kamp mot Stabæk.

Var lenge med i første omgang...

Spelet bølgja fram og tilbake, med Brann eit hakk vassare det første kvarteret. Heimelaget kom til eit par halvfarlege situasjonar, medan Sogndal var skumle på raske overgangar.

Den første verkeleg store sjansen kom etter 18 minutt. Eit innlegg frå venstre trefte ein umarkert Ulrik Flo på bakerste stolpe - men avslutninga gjekk rett på keeper Piotr Leciejewski. Der kunne og burde Sogndal ha teke leiinga.

Etter ein halvtimes spel gjekk kaptein Rune Bolseth ned for teljing etter ein duell på midten. Midtbaneslitaren måtte kaste inn handkledet, og vart erstatta av Ruben Holsæter.

Fem minutt seinare fekk Brann ein corner, som Kristoffer Barmen var nær ved å setje inn. Men keeper Kenneth Udjus stod godt plassert, og hadde ein lett oppgåve med å hindre mål.

Ein corner nokre minutt seinare skulle vise seg som eit varsel på kva som skulle komme. Kenneth Udjus fekk armane lynraskt opp, og fekk på utruleg vis avverga headinga via tverrliggaren.

1-0 kom etter 45 minutts spel, då fekk Brann ein ny corner. Ballen enda bakerst i feltet, og der kom Jonas Grønner og sende ballen over Udjus og i nota.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sogndal-supportarane sette sitt preg på Bergen søndag.

STOR STEMNING: Sogndal-supportarane sette sitt preg på Bybanen frå sentrum mot Brann Stadion-stoppet i Inndalsveien i ettermiddag.

Det er av sine eigne ein skal ha det

Folk hadde knapt fått sett seg ned etter pause før Brann gjekk opp i 2-0. Og kven andre enn Azar Karadas var det som gjorde det?

Eidaren som spelte for Sogndal i vårsesongen, dukka opp på bakerste stolpe og breisida ballen i mål.

Ti minutt ut i omgangen skjedde det somigjen tende håp hos Sogndal: Ulrik Flo fekk ein vanskeleg ball inne i feltet, men klarte på artistisk vis å få med seg ballen. Frå spiss vinkel sette han ballen bak keeper Leciejewsjki til 2-1.

Fem ninutt seinare kunne fort eit langskot frå 18 meter ha gått inn, men Leciejewski fekk boksa ballen utover sidelinja. Eit gedigent tigersprang frå Udjus hindra rett etterpå eit tredje mål til heimelaget.

Eit kvarter før full tid fekk Marcus Pedersen ballen åleine på 16 meter, men brende avslutninga langt over mål.

NRK kjem tilbake med reaksjonar etter kampen.

Laster innhold, vennligst vent..