Hopp til innhold

Forsvarskjempa likar det han ser - men åtvarar mot å ta «heilt av»

Med knappe to veker til seriestart er Azar Karadas nøgd med det han ser av medspelarane sine i Sogndal Fotball.

Azar Karadas

NØGD: Azar Karadas tok ingen sjansar etter Molde-kampen og stod over treningskampen mot Brann.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix

Forsvarskjempa var laurdag blant vel 500 tilskodarar som følgde treningskampen mot Brann frå tribunen.

I sin nye formasjon, og i sin første kamp etter salet av Malick Mane , vann Sogndal 1–0 etter Ørjan Hopen si straffescoring. Sjølv om det ser bra ut, åtvarar eidaren mot å ta «heilt av» etter ei rekkje sterke resultat i oppkøyringa.

– Det har fungert bra i oppkøyringa, så får vi håpe det fungerer like bra i serien. Det er der det gjeld, men det ser bra ut. Vi gler oss, seier Azar Karadas.

Nøgd Valsvik

Sogndal har gått frå sin vande 4-4-2-formasjon, til ein 3-5-2-formasjon. Til no har eliteserielaget gått sju kampar på rad utan tap. Brann har to gonger måtte bite i det sure eplet. Også Start og Aalesund har blitt slått med den nye formasjonen.

Gustav Valsvik meinte laurdag at den nye formasjonen gir einskilde fordelar. Til helga kjem Hødd til Fosshaugane for årets generalprøve.

– I staden for å ha fire spelarar bak, så er vi tre. Det kan også vere fem bak, men vi får to breie kantar i spel heile tida og tre sentralt, noko som gir god blokk, i tillegg til tre spissar, sa Valsvik.

– Ein fin siger

Også Karadas meiner formasjonen passer Sogndal bra. Sjølv om den ikkje fungerte optimalt i 90 minuttar mot Brann.

– Det var spennande, men eg tykkjer første omgang var midt på treet. Vi heva oss i andre omgang, og dette er ein fin siger å ta med oss, seier Karadas.

– No har de slått Brann to gonger i år. Blir det eit lite tronskiftet på Vestlandet i år?

– Brann kjem alltid til å vere største klubben på Vestlandet, men vi har hatt ei god oppkøyring og mykje av det vi jobbar med på trening ser vi att i kamp. Det kan bli ein spennande sesong.

– Vanskeleg lag

Erik Huseklepp

VANSKELEG: Erik Huseklepp og Brann skapte lite mot Sogndal.

Foto: Rune Eriksen / NRK

Erik Huseklepp vedgjekk at Sogndal har vore eit vanskeleg lag å møte. Spesielt etter at dei la om til det nye systemet. Brann fekk det heller ikkje til i treningskampen på Fosshaugane.

Laget hadde ballen mest før kvilen, men det vart for omstendeleg. Dei spelte mykje på tvers og kom seg ikkje til mange sjansar.

– Sogndal er eit vanskeleg lag å møte, dei ligg med fem mann bak nesten til ei kvar tid. Det er utfordring for oss, seier Huseklepp.

– Kva tykkjer du er skilnaden på å møte Sogndal i år, kontra i fjor?

– Eg har ikkje sett dei så mykje, men dei ligg like lågt som i fjor. Kanskje til og med lågare. Dei har lagt opp til fem bak, i staden for fire. Det er tøft.